Hopp til innhold

Dei vann slaget om Kherson – no ventar Donbas

Han har delteke i over førti blodige trefningar ved fronten sør i Ukraina. Maxim er vognkommandør på stridsvogn og var med på frigjeringa av Kherson. – Alle som døyr er ungdommar med livet framfor seg, seier han.

Vognkommandør Maxim

Vognkommandør Maxim viser NRK stridsvognene som var med på å frigjere Kherson. No treng dei service og reparasjon.

Foto: Andras D.Hajdu / NRK

– Det small og heile himmelen blei farga raud, men vi sat inne i stridsvogna så vi klarte oss, seier Maxim.

Han fortel om ein av fleire gongar han har vore døden nær dei siste månadene, ved Kherson-fronten i Ukraina.

NRK møter den 24 år gamle vognkommandøren utanfor byen Mykolajiv. I eit skogholt ligg svære stridsvogner skjult av kamuflasjenett og greiner.

Det blir hamra og skrudd. Dette er ein mekanisk verkstad i felt, skjult for å hindre russiske åtak frå lufta.

Stridsvogn i skjul.

Ei kamuflert stridsvogn ved den provisoriske verkstaden.

Foto: Andras D.Hajdu / NRK

Frå rekneskap til krig

Maxim har fått maskinskade. Det hastar med å reparere stridsvogna hans, for no skal dei bli overført til frontavsnittet i Donbas aust i landet.

Kherson er på ukrainske hender, men russiske styrkar angrip for fullt på austfronten.

Maxim fortel at han i det sivile liv arbeider som rekneskapsførar. Men sidan krigen braut ut 24. februar i år har han hatt ansvar for ei stridsvogn av typen T-72.

Maxim

Maxim inspiserer ei stridsvogn som får service.

Foto: Andras D.Hajdu / Andras D.Hajdu

Han skulle gjerne hatt dei same stridsvognene som det norske forsvaret brukar.

– Leoparden er mykje tryggare for besetninga, seier Maxim.

– Problemet med dei russiskproduserte stridsvognene er at ammunisjonen blir lagra i tårnet, fortel han.

Ein fulltreffar der fører til ein stor eksplosjon, og tårnet kan bli kasta fleire titals meter opp i lufta.

Stridsvogntårn

Mange slike tårn er å sjå ved fronten. Årsaka er at ammunisjonen er lagra i tårnet og kan lett eksplodere om ein blir treft der av fienden.

Foto: Andras D.Hajdu / NRK

Ung mann, erfaren soldat

Sjølv har han overlevd over 40 trefningar. Han forsikrar at han ikkje er redd når han er i strid, men etterpå kjenner han ein enorm lette.

Då ringer han til kona og foreldra for å fortelje at han framleis er i live.

Det som er tøft er å miste gode vener og kollegaer, seier han.

– Det er vanskeleg å tenkje på at ein mann som du snakka med om daglegdagse ting i går, i dag er død. Alle dei som døyr er ungdommar med livet framfor seg, seier Maxim.

Ammunisjon

Stridsvognsoldatane må sjølv ladde mitraljøsepatronene på beltet. Eit tidkrevjande arbeid.

Foto: Andras D.Hajdu / NRK

Krigsbytte

I skogholtet ligg det ein heil del stridsvogner som aldri vil bli stridsdyktige igjen. Men delane er verdifulle.

Ei stridsvogn har det karakteristiske russiske «Z»-symbolet, som viser at den er frå ei avdeling som deltok i det mislukka angrepet på hovudstaden Kyiv.

Russiske stridsvogn.

Russisk stridsvogn med det karakteristiske Z-symbolet på sida.

Foto: Andras D.Hajdu / NRK

Ei anna stridsvogn har gått som ein pingpongball mellom dei ukrainske og russiske styrkane. Det å ta krigsbytte er viktig for ukrainarane.

Spesielt har dei teke veldig mykje russisk ammunisjon, fortel sjefmekanikar Andrej.

– Vi prøver å bruke det vi får så godt vi kan. I tillegg til ukrainske og russiske, har vi fått polske, slovakiske og rumenske stridsvogner, for å nemne noko.

Mekaniker

Sjefmekanikar Andrej startar opp ei stridsvogn for å sjekke at motoren går slik den skal.

Foto: Andras D.Hajdu / NRK

Lærer på nettet

– Er ikkje stridsvogna fullstendig oppbrend kan vi reparere den, eller bruke den til reservedelar, seier Andrej.

Dei ukrainske mekanikarane er frivillige. Mange av dei brukte å arbeide for ein mekanisk verkstad, eller dei reparerte traktorar for dei store landbruksbedriftene i området.

Mekaniker Ukraina

Ei kjapp røykepause. så er det å byrje å skru igjen. Mekanikarane prøver å lære så mykje dei kan om service av stridsvogner.

Foto: Andras D.Hajdu / NRK

– Gutane prøvar ivrig å lære alt dei kan om stridsvogner. Dei ser etter spesifikasjonar på nettet og prøvar å modifisere stridsvognene så godt dei kan for å trygge soldatane, fortel Andrej.

Matpause

Mekanikarane bur i felt og lagar maten sin sjølv. Det er ikkje lenger trygt å vere i ein militærleir.

Foto: Andras D.Hajdu / Andras D.Hajdu

Drepne kameratar

Maxim klatrar inn og set seg i vognkommandørsetet. Det er trongt og klaustrofobisk. Du er heilt låst. Det er ikkje eit vindauge å sjå ut, heller berre ein slags TV-skjerm.

Ein sitteplass stridsvogn

Det kan vere klaustrofobisk å sitte inne i ei stridsvogn.

Foto: Andras D.Hajdu / NRK

Og dei er ofte i mindretal når dei barkar saman med dei russiske stridsvognene.

Maxim viser oss ei skadd stridsvogn der to gode kameratar døydde.

– Det var skyttaren og sjåføren. Dei kjempa mot to av fiendens stridsvogner, fortel han alvorleg.

– Den eine skaut og trefte rett på framfor, så det gjekk bra. Men den andre trefte det sårbare punktet mellom karosseriet og tårnet. Granatane inne i tårnet eksploderte og drap dei to inne i tårnet.

Maxim må ta ein pause i intervjuet. Sigrane på slagmarka har sin pris.

No ventar nye trefningar i Donbas.

SISTE NYTT

Siste nytt