Hopp til innhold

David Laws trekkjer seg

Statssekretæren i finansdepartementet i den nye britiske regjeringa, David Laws, trekkjer seg etter avsløringar om at offentlege pengar har gått til ein nær venn.

David Laws trekkjer seg

David Laws varsla laurdag kveld at han trekkjer seg som statssekretær.

Foto: ANDREW WINNING / Afp

Som parlamentsmedlem fekk Laws 40.000 pund til å dekkje buutgifter, og desse pengane gjekk rett til partnaren James Lundie, som leigde ut eit rom til Laws.

Dette tilsvarar rundt 375.000 norske kroner. Han lovde i går kveld at han skulle betale tilbake pengane.

Stort press

Men presset vart for stor for den nyebakte statssekretæren. I kveld gjorde han det klart at han seier frå seg stillinga.

Laws tilhøyrer Det liberaldemokratiske partiet, og eitt av ansvarsområda hans i regjeringa var å kutte i dei offentlege utgiftene. Partikameraten Danny Alexander tek over som statssekretær. Han er no statsråd for Skottland i regjeringa.

- Eg ser ikkje korleis eg skal kunne utføre arbeidet mitt med å berge budsjettet og forbruket, samstundes som eg må takle dei private og offentlege konsevensane av desse skuldingane, sa ein alovrstung David Laws i kveld.

Det var avisa Daily Telegraph som i laurdagsutgåva melde at Laws gjennom fleire år fekk pengar som han gav vidare til Lundie. Dei to har hatt eit forhold i ni år.

- James og eg er private menneske. Vi var samde om å halde forholdet vårt hemmeleg, og trudde at vi hadde rett til det, skriv Laws i ei fråsegn i går kveld, før avisa var på gata.

Stramma inn reglane

Parlamentet i Stobritannia stramma i 2006 inn reglane for bustøtte for folkevalde, og slo fast at det ikkje er lovleg å leie hus av ein partnar.

- Eg er djupt lei meg for denne situasjonen og ser at eg ikkje skulle ha kravd bustøtte på denne måten. Eg ber om orsaking, skriv han vidare. Han seier at motivasjonen ikkje var å utnytte saka finansielt, men å halde den homofile legninga si hemmeleg.

David Laws vil no melde seg for ein kontrollkomité i parlamentet.

LES OGSÅ: – Det må en krise til før vi kutter

LES OGSÅ: Dronningen med spareplan

SISTE NYTT

Siste nytt