Hopp til innhold

Datagründer ettersøkt for mord

Grunnleggjar av programvareselskapet McAfee, og pioner innan antivirusprogram, John McAfee er ettersøkt for mord i Belize.

mcafee

Grunnleggjaren av programvareselskapet McAfee er skulda for mord i Belize.

Foto: Paul Sakuma / Ap

John McAfee er på flukt frå politiet i Belize etter skuldingar for mord, skriv Gizmodo.

McAfee er mistenkt for mordet på amerikanaren Gregory Faull, som vart skoten i heimen sin i San Pedro Town på øya Ambergris Caye i Belize laurdag, seier Marco Vidal i belizisk politi.

Politiet etterforskar saka og kartlegg forholdet mellom dei to mennene.

Førre onsdag leverte Faull inn ei klage til styresmaktene om at McAfee hadde avfyrt våpen og oppført seg trugande. Søndag vart Faull funnen død.

Kom ikkje overeins

Naboar fortel at den mistenkte og den drepne i lang tid ikkje hadde kome overeins.

McAfee skal dei siste åra ha begynt å oppføre seg merkeleg og kutta kontakt med vener. Han skal også ha begynt å omgås gangsterar i narkomiljøet i Belize.

Seld for milliardar

Selskapet McAfee vart grunnlagt av John McAfee i 1987, og vaks seg stort gjennom å tilby tryggleiksprogramvare til både privatpersonar, bedrifter og det offentlege.

I 2011 vart selskapet seld til Intel for 7,68 milliardar dollar, eller kring 44 milliardar kroner.

John McAfee er no grunnleggjar og CEO av legemiddelselskapet QuorumEx, som har hovudkvarter i Belize.

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.

SISTE NYTT

Siste nytt