Hopp til innhold

Dansk skip har sett i land over 100 migrantar på Sicilia

Etter tre dagar fekk det danske konteinarskipet Alexander Maersk lov til å sette i land 108 migrantar i den sicilianske hamnebyen Pozzallo.

Alexander Maersk

MÅTTE VENTE: Skipet Alexander Maersk låg forankra utanfor Sicilia i over tre dagar før dei fekk legge til og sette av dei over hundre migrantane som var om bord.

Foto: Salvatore Cavalli / AP

«Mannskapet har gjort ein heroisk innsats dei siste dagane, og vi er veldig stolte over måten dei har handtert den vanskelege situasjonen på», står det i ei kunngjering frå A.P. Møller-Mærsk.

Seint torsdag kveld fekk skipet Alexander Maersk beskjed frå den italienske kystvakta om å endre kurs. Dei hadde fått eit naudmelding frå eit ukjend fartøy. Skipet snudde, og morgonen etter var 113 migrantar redda, og tekne om bord i skipet.

Italias nye høgrepopulistiske regjering nekta det danske skipet å sette migrantane i land i Italia, og skipet vart dermed liggande for anker utanfor Pozzallo i over tre dagar.

Migrantara vert redda av dansk skip

REDDA: Både barn og vaksne vart tekne om bord på skipet Alexander Maersk natt til fredag 22. juni.

Foto: Danilo Campailla / AFP

Frykta for tryggleiken

Alexander Maersk har normalt eit mannskap på 25 personar. Etter at migrantane vart redda, er var det fem gongar så mange menneske om bord.

Skipet fekk forsyningar frå Italia, slik at det ikkje var mangel på mat og vatn, men mannskapet seier at forholda om bord var dårlege.

– Mannskapet vårt er ikkje trente til å handtere dette. Det er over 100 ekstra menneske om bord. Det er ikkje forsvarleg, verken med tanke på helse eller tryggleik, sa Laursen måndag.

Ber Danmark ta imot

Italia, som nettopp har valt ei ny og meir innvandringskritisk regjering, ønskte ikkje å ta imot migrantane. I staden vart det foreslått at Danmark burde ta imot dei.

Inger Støjberg

BER ITALIA TA ANSVAR: Inger Støjberg sendt brev til Italia med krav om at dei tek i mot migrantane som er redda i Middelhavet.

Foto: Berit Roald / NTB scanpix

Danmarks innvandrings- og integreringsminister Inger Støjberg meiner Italia bør «gjere si plikt». Ho har sendt eit brev direkte til Italias innanriksminister Matteo Salvini.

– Eg forventar at den italienske regjeringa får orden på dette. Dette er migrantar som var på veg mot Italia, og derfor er det sjølvsagt også Italia som skal ta dei imot, seier Støjberg til DR måndag.

Tøffare tiltak

For å få stoppe straumen av menneske som tek seg over Middelhavet har EU sidan 2017 lagt større press på dei nordafrikanske landa.

Denne veka er den italienske innanriksministeren Matteo Salvini på besøk Libya for å drøfte utfordringane med migrantar. Han foreslår å bygge mottakssenter for migrantar langs den sørlege grensa av Libya.

– Det vil hindre at også Libya blir ein flaskehals for migrantstraumar, slik som Italia, skriv Salvini på Twitter.

Laster Twitter-innhold

Dette forslaget vart ikkje godt motteke hos Libyas visestatsminister Ahmed Maiteeq.

– Vi avviser kategorisk at noko som helst form for migrantleir vert oppretta i Libya. Dette er det forbod mot ifølgje libysk lov, sa Maiteeq på ein felles pressekonferanse.

Det europeiske presset mot dei afrikanske landa har samtidig gjort at Algerie har utvist fleire tusen menneske det siste året. Dei vert sende ut på vandring i Sahara-ørkenen utan mat og vatn.

SISTE NYTT

Siste nytt