Hopp til innhold

Dansk politi skal ha hindra attentat

Dansk etterretningsteneste, PET, skal ha avverja politiske attentat mot personar i Danmark som er kritiske til den tyrkiske regjeringa, ifølgje Sveriges Radio.

Stridsvogn Tyrkia

Tyrkiske styresmakter meiner personar som støttar Gülen-rørsla stod bak kuppforsøket i Tyrkia i 2016. Mange har mista jobben eller blitt fengsla for å ha støtta rørsla. Tryggingstenester i fleire land seier dei har avverka politiske attentat, melder Sveriges Radio.

Foto: TUMAY BERKIN / Reuters

I januar 2017 står to sivilkledde politi på døra til ein mann dei meiner er målet for eit politisk attentat. Politiets Efterretningstjeneste, PET, har fått informasjon om at nokon vil ta livet av tilhengarar av Gülen-rørsla i Danmark.

Ein av dei er mannen Sveriges Radio har gjeve namnet «Mehmet». Han seier han først trudde politimennene spøkte:

– Dei sa at dei hadde informasjon om at eg skulle takast livet av neste helg, og at dei måtte ta meg til ein trygg plass. Eg trudde først det var ein spøk, men dei sa at dette var for alvorleg å spøke med.

Forfølgde tilhengarar

Tyrkiske styresmakter meiner Gülen-rørsla står bak det mislukka kuppet i Tyrkia i 2016. Rørsla var opphavleg ein alliert av regjeringspartiet AKP og president Recep Tayyip Erdogan. Men forholdet skal ha surna før kuppforsøket.

Etter kuppet har over 100.000 menneske mista jobbane sine eller blitt fengsla etter skuldingar om å støtte rørsla i Tyrkia.

Også i andre land skal tilhengarar ha blitt forfølgd. Ifølgje Sveriges Radio skal tryggingstenestene i Sveits og Tyskland også ha avverja drap på kurdarar og folk som støttar Gülen der.

Fetullah Gülen

Den religiøse leiaren Fethullah Gülen var ein støttespelar for det tyrkiske regjeringspartiet AKP og president Recep Tayyip Erdogan. Men i dag blir Gülen og tilhengarane hans sett på som motstandarar av den tyrkiske regjeringa.

Foto: Selahattin Sevi / AFP/NTB Scanpix

Fare for diplomatisk krise

«Mehmet» fekk ikkje vite kven som hadde bestilt drapet, berre at det kom frå Tyrkia og var politisk motivert. Det skal ha vore ein kriminell gjeng med nær kontakt med framståande politikarar i Tyrkia som skal ha fått oppdraget.

Informasjonen om planlagde politiske attentat i Danmark, kunne ha utløyst diplomatisk krise mellom Tyrkia og Danmark. PET er avhengige av eit godt samarbeid med Tyrkia, blant anna for å stoppe moglege danske IS-terroristar som reiser gjennom Tyrkia når dei skal til og frå Syria.

Danskane skal difor ha arbeidd i det stille for å avverje at ei konflikt mellom dei to Nato-allierte landa.

Faren over

Etter litt over ti dagar i skjul, fekk «Mehmet» beskjed om at faren var over, og at han kunne flytte heim. Han fekk ikkje vite kva som hadde skjedd, men trugsmåla han tidlegare fekk på sosiale medium, var færre og mildare.

Ifølgje Sveriges Radio skal minst to andre personar med tilknyting til Gülen-rørsla i Danmark ha fått beskyttelse frå PET på grunn av moglege politiske attentat.

Sveriges Radio har arbeidd med saka i halvanna år. Dei har fått hjelp frå blant andre Danmarks Radio. PET, den danske justisministeren og utanriksministeren ønsker ikkje å kommentere saka. Sveriges Radio har også bede om kommentarar frå den tyrkiske ambassaden i Danmark, utan å få svar.

SISTE NYTT

Siste nytt