Hopp til innhold

Dansk marinefarty senka piratskip

Eit dansk NATO-farty har senka eit piratskip utanfor kysten av Somalia, opplyser ein talsmann for alliansen.

Flaggskipet i den danske marinen, "Absalon".

'Absalon' er flaggskipet i den danske marinen.

Foto: Henning Bagger / Scanpix/AFP

Det var «Absalon», rekna som flaggskipet i den danske marinen, som senka piratskipet. Aksjonen skjedde i går, opplyser NATO i ei pressemelding.

Den senka piratbåten var ein type som sjørøvarane i dette området brukar til å frakte mannskap og vere støtteskip til båtane som driv med direkte angrep på handelsskip i området.

LES OGSÅ: Stanset angrep mot tankskip

LES OGSÅ: Russisk krigsskip på sjørøvarjakt

Utstyr og forsyningar

Den store, opne piratbåten var fullasta med utstyr og forsyningar. Båten blir karakterisert som eit morskip, som blir nytta til å forflytte angrepsgruppene mellom ulike området utanfor austkysten av Afrika.

NATO opplyser at monsuntida går mot slutten i dette området, og at dette truleg vil føre til auka aktivitet frå dei somaliske sjørøvarane. Månadene mars, april og mai har tidlegare år vore dei mest aktive og mest lukrative for piratane.

Den internasjonale styrken, som vaktar havområdet, hadde fått tips om eit foreståande piratangrep, og det var på bakgrunn av dette tipset av "Absalon" gjekk til angrep på piratskipet.

LES OGSÅ: NATO stormet kapret skip

- Vel gjennomført

- Dette var ein vel gjennomført operasjon, seier leiaren for operasjonen, Christian Rune. - Å aksjonere mot piratane like ved ein av dei viktigaste leirane deira, sender eit sterkt signal til sjørøvarane om at NATO og det internasjonale samfunnet ikkje finn seg i aktivitetane deira.

NATO seier i pressemeldinga ikkje noko om kva som har skjedd med mannskapet om bord i piratbåten.

LES OGSÅ: NATO stormet kapret skip

LES OGSÅ: Tre skip kapret det siste døgnet

LES OGSÅ: Vant ikke krigen mot pirater

Mer om Absalon-klassen

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.

SISTE NYTT

Siste nytt