Laurdag kolliderte ein norsk personbil med eit tog i Trustrup i Danmark. Ein far og sonen mista livet i ulukka, medan ei mor og dottera sende til sjukehus.
Jernbaneovergangen der ulukka skjedde hadde lys og lyd som åtvarar bilistar når eit tog er på veg. Men det var ikkje montert bommar som gjekk ned når tog passerer. Det er i tråd med dei danske tryggingsreglane for jernbanen.
Kan ta tid
Fleire av dei som bur ved staden der ulukka skjedde har vore kritiske til tryggingstiltaka. Den danske havarikommisjonen etterforskar no årsaka til ulukka.
Dei kom til staden der ulukka hadde skjedd få timar etter kollisjonen.
– Vi ser etter feil på både tog, overgang og kor oversiktleg staden er for bilisten, og så vidare. Vi håper at all informasjonen vi samlar inn skal gi oss eit bilete av kva som har skjedd, seier leiaren for jernbaneeininga i den danske havarikommisjonen, Bo Haaning, til NRK.
Han seier dei har eit omfattande arbeid framføre seg, og at dette vil kunne ta tid. Dei samarbeider også med den norske havarikommisjonen fordi det er norske statsborgarar involvert.
TO OMKOM: Ein far og sonen mista livet i ulukka laurdag, medan ei mor og dottera sende til sjukehus.
Foto: Per Øxenholt / Ritzau/NTB scanpixDansk politi seier dei ventar på rapporten frå havarikommisjonen.
– Det er dei som undersøker forholda og korleis kollisjonen har skjedd. Det er mange brikker som skal på plass i puslespelet, så det kan tå lang tid å finne årsaka, seier pressemedarbeidar Jakob Christiansen i Østjyllands politi til NRK.
Aarhus Letbane, som eig toget som var innblanda i ulukka, trur ikkje det var noko gale på signalanlegget.
– Vi har ingen observasjonar eller registreringar i systemet vårt om at systemet ikkje har fungert og at tog har køyrt gjennom. Det ville vi har fått åtvaringar om, seier direktør Michael Borre til Danmarks Radio.
Reagerer
Men det er ikkje første gong det har skjedd ei alvorleg ulukke i ein overgang i dette området. I 1998 opplevde den tidlegare lokomotivføraren Brian Borg ei nær identisk ulukke då toget han køyrde kolliderte med ein lastebil i ein jernbaneovergang nær Trustrup.
– Ulukkene ser heilt like ut, seier han til dansk TV 2.
Lastebilsjåføren såg ikkje dei blinkande lysa, og køyrde ut framfor toget.
– Eg kan ikkje forstå at ein 20 år etter ulukka eg var innblanda i ikkje har bommar. Det synest eg er for dårleg.
Lastebilsjåføren overlevde, men fekk livsvarige skader. Borg seier han måtte slutte som lokførar for to år sidan fordi han fekk traume etter ulukka.
Vil sjekke overgangar
Nestleiar i Dansk Jernbaneforbund, Preben S. Pedersen, seier til Danmarks Radio at det er sjølvsagt er gode tryggingstiltak overgangane, men at det også er utfordringar.
– Alle jernbaneovergangar er ein potensiell farekjelde for både medlemmane våre og menneske som køyrer over.
Han ber styresmaktene sjekke alle jernbaneovergangane i Danmark for å redusere risikoen for at det skal skje igjen.
– Kollegaene mine opplever stadig at folk køyrer over overgangar, utan at det skjer noko. Du får eit sug i magen. Det er akkurat som når du køyrer bil og det brått står nokon i vegen som ikkje skal vere der.
Det er også mange usikra overgangar i Danmark. Det vil seie at dei berre er markert med skilt eller manuelle bommar som trafikantane sjølve skal løfte. Pedersen meiner ein bør starte med desse overgangane, og gjere dei tryggare.
Den danske transportministeren Benny Engelbrecht skriv på Twitter at dette vil vere ei prioritert oppgåve etter sommaren.
– Vis respekt
Danske styresmakter registrerer alle ulukker og dødsfall i forbindelse med togtrafikken. Ifølgje dei ferskaste tala mista 29 menneske livet i jernbaneovergangar mellom 2008 og 2017.
Det er uvisst kva tryggingssystem som har vore på dei overgangane det har vore ulukker, men ein rapport frå 2009 viser at blinkande lys og lyd har ein god effekt på å redusere faren for ulukker.
Bommar som går ned når det kjem eit tog, har klart best effekt.
Pedersen i Dansk Jernbaneforbund seier folk kan sjølve enkelt gjere overgangar tryggare.
– Dei kan vise respekt for dei overgangane som er. Vi opplever mange ikkje respekterer lys og lyd, og køyrer over dersom det ikkje går raskt nok. Det fører fort til ulukker.
Ifølgje ei oversikt det danske nyheitsbyrået Ritzau har laga, har Aarhus Letbane, som toget i ulukka var ein del av, vore innblanda i over 20 ulukker sidan banen blei sett i drift i 2017. I fleire av tilfella skjedde ulukkene fordi bilistar, syklistar og gåande ikkje følgde skilting og lyssignal.