Hopp til innhold

Dansk dykkar om redningsarbeidet: – Alt vi gjer der er farleg

THAM LUANG-GROTTEN (NRK): Over tusen frivillige assisterer i hjelpearbeidet bak kulissane for å få det thailandske fotballaget ut av grotta dei er fanga i. Den danske dykkaren Ivan Karadzic er ein av dei.

Dykker Ivan Karadzic forteller om forholdene i grotten der de thailandske guttene er fanget.

Den danske dykkaren Ivan Karadzic fortel at alt dei gjer inne i grotta er svært farleg.

Frivillige frå heile verda har dei siste dagane reist til Thailand og Tham Luang-grotta der det thailandske fotballaget og trenaren deira sit fanga.

NRK sin reporter på staden har snakka fleire av dei.

– Stort sett alt vi gjer der er farleg, seier dykkaren Ivan Karadzic frå Danmark.

Han har reist ned i håp om å få redde gutane ut i live før det frykta monsunregnet kjem.

Fysisk krevjande

Danske Ivan Karadzic fortel til NRK at det mest krevjande vert å få barna ut att sidan dei ikkje er trent i dykking.

– Nokre stader er det veldig trongt, og sikta er ikkje så god, seier Karadzic.

Han har bore inn tankar i grotta for at dykkarane skal komme seg lenger inn i grotta. Ifølgje Karadzic er det ikkje mogleg å dykke heile distansen på ein person sin tank.

Gutane er fleire kilometer inne i grotta.

Thailand Grotte Illustrasjon

Illustrasjon av grotta. Fleire stader er det svært trongt, og vatnet når opp til grottetaket enkelte stader. Dette gjer redningsaksjonen vanskelegare. Måla er ikkje heilt eksakte.

Foto: Melinda Furulund / NRK

Kor hardt fysisk er det?

– Sjølve dykkinga er ikkje fysisk hardt, men å komme inn til dei stadene der dykkinga byrjar, er veldig krevjande. Det er opp og ned og fleire bakkar, så det er fysisk krevjande å komme inn til vatnet, seier Karadzic.

Når dei først kjem til vatnet, går dykkinga fint, ifølgje dansken.

– Ønskjer å bidra med det eg kan

Astapon Na Nakhon gir massasje til dei utslitne hjelpearbeidarane. Ho er opphavleg frå den sørlege delen av Thailand.

Astapon Na Nakhon, massør
Foto: Roger Sevrin Bruland/NRK

– Når sør har problem kjem folk frå nord for å hjelpe. Derfor ønskjer eg å bidra med det eg kan, seier ho til NRK sin reporter.

Natt til fredag omkom ein tidlegare marinejeger då han var på veg for å frakte oksygentankar inn i grotta.

Laster Twitter-innhold

– Vi ser på gutane som vår familie

Lamduan Mayula frå det lokale sivilforsvaret, seier at det var ei sjølvfølge for henne å bidra i redningsarbeidet.

Lamduan i det lokale sivilforsvaret
Foto: Roger Sevrin Bruland/NRK

– Dette kunne like gjerne vore mine barn, derfor kom eg for å hjelpe. Vi ser på gutane som vår familie.

Den største bekymringa i redningsaksjonen av fotballaget er det uføreseielege monsunregnet som har skylt inn over Chiang Rai-provinsen, der Tham Luang-grotta ligg.

Aukande vasstand i grotta kan gjere det umogleg for gutane å dykke ut som planlagt, og hemme arbeidet med å frakte naudsynte oksygenforsyningar.

Ein av dei som jobbar med å analysere kor mykje vatn det er i grotta, er vassingeniøren Sawangtit. Ho seier til NRK at arbeidet er svært krevjande.

Sawangtit, hjelpearbeider Thailand
Foto: Roger Sevrin Bruland/NRK

– Det er nesten umogleg å anslå kor mykje vatn det er, men vi er glade for å kunne bidra i hjelpearbeidet.

Ser du på deg sjølv som ein helt?

– Nei på ingen måte, det er ei ære å kunne hjelpe til i denne redningsaksjonen.

– Jeg er i god form, sier de en etter en.

SISTE NYTT

Siste nytt