Hopp til innhold

Dansk biff får «champagne-status»

EU gir biffen frå Jyllandskysten i Danmark det same geografiske namne-vernet som champagne, parmesan og parmaskinke.

Holstein-kyr

Biffen frå Vadehavsstude kjem frå Holstein-stutar som blir slakta når dei er rundt to år gamle. Havsaltet i graset dei beitar på, gir kjøttet ein heilt spesiell smak, meiner Europakommisjonen (illustrasjonsfoto).

Foto: Colourbox.com

Kjøttet frå Holstein-storfe som beitar ved Vadehavet, på den sørlege vestkysten av danske Jylland, skal ha ein heilt særeigen smak.

Den unike aromaen på biffen frå danske «Vadehavsstude» kjem av sjøsaltet som spreier seg over beitemarkene rett ved havet, og ein beitetradisjon som går tusen år tilbake i tid.

EU har no vedteke å gje den danske Vadehavsbiffen beskytta geografisk nemning, eller Protected Geographival Indication (PGI).

Same status som champagne

Dermed får den spesielle danske biffen same status som blant anna champagne, eit verna merkenamn som berre kan brukast om musserande vin produsert Champagne-Ardennes-regionen i Frankrike.

Andre matvarer som nyt det same vernet er parmaskinka (Prosciutto di parma) og parmesan-osten (Parmigioano Reggiano) frå Parma-distriktet nord i Italia.

– Det gjev oss eit bra stempel på produktet vårt. Me etterspurde ei slik merking frå EU for at det skal bli betre kjent, seier Andreas Andreasen til Reuters.

Han er talsmannen for eit lokalt bondelag.

– Kokkar fortel oss at det er ein markant smaksforskjel samanlikna med annan type biff - ein kraftigare smak, legg Andreasen til.

Krev grundig dokumentasjon

Blindtestar beviser at «Sjøbiffen» frå den danske Vadehavskysten er saftigare, mørare og rikare på smak enn vanleg biff, ifølgje det danske landbruksdepartementet.

For å få PGI-status må ein leggja fram grundig dokumentasjon på at det geografiske miljøet på produksjonsstaden ligg til grunn for den sæprega kvaliteten på produktet.

Over 1000 mat- og drikkevarer har fått PGI-status i EU sidan ordninga starta i 1992.

SISTE NYTT

Siste nytt