Dansar saksøkjer «Costa Concordia»-kaptein for 200.000 euro

Domnica Cemortan, den moldaviske dansaren som var saman med kaptein Francesco Schettino på kommandobrua på «Costa Concordia» då skipet forliste i januar 2012, har saksøkt kapteinen for 200.000 euro for «tort og svie».

Domnica Cemortan og Francesco Schettino.

Moldovske Domnica Cemortan har saksøkt Francesco Schettino for 200.000 euro.

Foto: Giacomo Aprili / Ap

Francesco Schettino tilbake på Costa Concordia

Francesco Schettino var tilbake på «Costa Concordia» under ei rettsleg synfaring i fjor.

Foto: Andrew Medichini / Ap

Det har kome fram at Schettino og Cemortan åt middag saman like før «Costa Concordia» gjekk på ei undervassklippe ved øya Giglio utanfor kysten av Toscana i Italia 12. januar 2012. 32 menneske omkom i forliset, og kapteinen risikerer lang fengselsstraff for tiltalen om aktlaust drap på mange menneske, for å vere ansvarleg for forliset og for å ha forlate skipet før fleirtalet av passasjerane.

– Dobbelt ramma

I dag melder det italienske nyheitsbyrået ANSA at Domnica Cemortan har saksøkt Schettino for 200.000 euro, nesten 1,8 millionar norske kroner etter dagens kurs. Ho har tidlegare vedgått at ho og Schettino hadde eit forhold. Ho hadde tidlegare jobba som dansar på «Costa Concordia», men på denne turen var ho passasjer.

Advokatane hennar seier Domnica Cemortan har blitt dobbelt ramma i denne saka, både at ho har vorte hengt ut i media, og at det har vore framstilt som om ho skulle ha skuld i forliset.

– Ulukkesnatta risikerte ho å bli knust av det søkkande skipet, men ho hjelpte til med å berge passasjerar ved å setje sitt eige liv i fare, sa forsvararen Valentina Quaroni i retten i Grosseto i dag.

«Costa Concordias» siste reise er over

Verdens dyreste vrakfjerning i gang

ITALY-SHIP/TRIAL Caissocruise liner Costa Concordia lies surrounded by cranes outside Giglio harbour

Slik låg «Costa Concordia» lenge nær hamna i Giglio på kysten av Toscana.

Foto: GIAMPIERO SPOSITO / Reuters

Bad om 26 års fengsel

Costa Concordia sett frå lufta.

Luftfoto av «Costa Concordia» slik skipet låg nær øya Giglio.

Foto: ALESSANDRO BIANCHI / Reuters

Rettssaka mot Schettino har halde på i hamnebyen Grosseto sidan juli 2013. Sist måndag la aktor Stefano Pizza ned påstand om fengsel i 26 år. Han var ikkje nådig i karakteristikken av «Costa Concordia»-kapteinen.

– Gud ha miskunn med Schettino, for vi kan ikkje ha det, sa han blant anna, ifølgje nyheitsbyrået AFP.

Viseaktor Maria Navarro sa at 26 års fengsel ikkje er for mykje for ein mann som «har snakka usant til alle, til pressa, til retten og til sjøfartsstyresmaktene». Ho sa også at han aldri har teke ansvar for noko som helst, og at det ikkje har kome fram noko som talar til hans fordel under den lange rettssaka.

– Gjorde alt han kunne

Francesco Schettino har framstilt seg sjølv som ein helt, som gjorde alt han kunne for å berge passasjerane. Han er skulda for å ha vore altfor sein med å slå alarm etter grunnstøytinga, men seier sjølv at nettopp det berga mange liv.

Aktoratet meiner på si side at denne forseinkinga gjorde umogleg å setje ut mange av livbåtane, fordi skipet krengde for mykje.

«Costa Concordia»-forliset er det verste skipsforliset i Italia sidan andre verdskrigen.

Passasjer: – Jeg var redd for å dø som en rotte

Ulykkeskapteinen tilbake på vraket av Costa Concordia

Presidentvalget kort forklart

3. november 2020 velger USA sin neste president. President Donald Trump stiller til gjenvalg for Republikanerne. Joe Biden stiller som presidentkandidat for Demokratene. Rekordmange amerikanere stemmer via post i år, og vi vet ikke når resultatet blir klart. Trump sier han ikke stoler på poststemmene. Samtidig mener Demokratene at man skal bruke lenger tid enn vanlig på å telle opp nettopp disse. Mange frykter kaos i ukene etter valget. Hva skjer om Trump ikke aksepterer et nederlag?
Grupper som Proud boys og Antifa har fått mye oppmerksomhet den siste tiden. Den ekstremistiske hatgruppen Proud boys jublet da president Donald Trump sa «stand back and stand by» i den første presidentdebatten. Samtidig forbereder Boogaloo bois seg på borgerkrig, mens medlemmer av Antifa på venstresiden er villige til å bruke vold i kampen mot rasister og fascister. Kan valget utløse en krig mellom disse gruppene? Og er de farlige?
3. november 2020 velger amerikanerne sin neste president. Donald Trump stiller til gjenvalg for Republikanerne. Joe Biden stiller som presidentkandidat for Demokratene. Ved forrige presidentvalg vant Trump til tross for at Hillary Clinton fikk flest stemmer. Hvordan kan det skje? Her er to ting du må vite for å forstå USA-valget.

SISTE NYTT

Siste nytt