Hopp til innhold

Danmark sender bilar for koronatesting til feriestadar

Dersom du skal på ferie til Danmark i somma, kan det hende du møter eigne bilar for koronatesting langs vegane.

Bil for koronatesting i Danmark.

KORONATEST: Denne spesielt tilpassa ambulansen skal køyre rundt for å la folk teste seg for korona i sommar.

Foto: Region Syddanmark

Danske styresmakter går inn for omfattande koronatesting denne sommaren. Mellom anna har dei innført «koronapass» for danskar som vil på utanlandsferie. I tillegg kan nokre turistar verte tilbodne testing ved grensa.

No sender dei også spesielt tilpassa bilar ut på vegane for å fungere som mobile testsenter. Det skriv Danmarks Radio.

Alle dei fem regionane i landet vil tilby løpande testing på fleire typiske feriestadar i sommar. I tillegg til bilane, vert det også sett opp andre typar testfasilitetar nokre stadar.

Gratis tilbod

Ifølgje nettstaden til regionen Syddanmark kan både danskar og turistar teste seg for korona i dei nye bilane. Testen er òg heilt gratis, og ein treng ikkje bestille time på førehand. Tilbodet gjeld ikkje for born under 12 år.

Det nye tilbodet er berre for dei som ikkje har symptom på smitte. Folk med symptom må framleis ta kontakt med ein lege som kan vise vidare til testing på eit sjukehus.

For å finne ut kvar bilane er til ei kvar tid kan du sjekke nettstaden til den regionen du oppheld deg i.

Førre veke fjerna Danmark kravet om at nordmenn på ferie i landet måtte overnatte i minst seks netter. Etter dette opplevde fleire ferjeselskap ei kraftig auke i billettsalet.

Det populære turistområdet Nyhavn i København

POPULÆRT: Mange nordmenn ønsker seg til Danmark på ferie denne sommaren.

Foto: Paul Kleiven / NTB scanpix

SISTE NYTT

Siste nytt