Hopp til innhold

Danmark og Sverige går inn i Mali

Både Sverige og Danmark vil bidra i Frankrike sin kamp mot islamistiske opprørarar i Mali, men Noreg held seg unna – førebels.

Britisk transportfly

BÅDE FLY OG PERSONELL: Sverige og Danmark følgjer i Storbritannia sine fotspor, og seier ja til å sende både transportfly og militært personell til Mali.

Foto: GAVIN FOG / Afp

Både Sverige og Danmark kan vere på veg til å bidra i Frankrike sin militære aksjon mot islamistiske opprørarar i Mali.

LES: Mali-opprørene har tatt en ny by – frykter hevnangrep

Etter eit ekstraordinært møte i det danske utanriksdepartementet, blei det bestemt at Danmark skal sende 40 soldatar og eit militært transportfly til det vestafrikanske landet.

Danmark sender mannskap og militærfly

Franske soldater i Mali

FRANSKE SOLDATAR: Fleire land, inkludert Sverige og Danmark, sender både transportfly og personell for å hjelpe dei franske soldatane i Mali-aksjonen.

Foto: Richard Nicolas-Nelson / Ap

Talsmann Sacha Mandel frå det franske forsvaret stadfestar overfor avisa at Danmark arbeider med eit bidrag i kampen.

LES OGSÅ: Mali-opprørere truer Frankrike

– Eg kan stadfeste at Danmark har tilbydd å sende støtte til den franske militæroperasjonen i Mali. Vi er i dialog med danskane og ventar ei avgjerd svært raskt, sa han tidlegare i dag.

– Skal ikkje bombe nokon

Danmark sender 40 soldatar og eit militært transportfly til Mali. Men forsvarsminister Nick Hækkerup understrekar at dei militære som blir sendt, er knytt til Hercules-fylet, og omfattar flygarar, flymekanikarar samt anna personell. Han forsikrar at dei ikkje skal bombe nokon.

– Vi har teke på oss ei oppgåve som krevjer at vi sender eitt av transportflya våre, og at vi sender 40 menn avstad, seier Hækkerup.

han understrekar at dei danske styrkane ikkje skal delta i kamphandlingar, og berre hjelpe til med transportoppgåver.

LES OGSÅ: Frankrike skjerper sikkerheten

Sverige vil trene maliske styrkar

Også Sverige vil bidra med militær støtte til Mali. Medan ein ventar på at EU skal ta ei avgjerd om ein samla europeisk innsats, kan det bli aktuelt for Sverige å sende mellom 12 og 15 militære instruktørar til landet, skriv Expressen.se. Men det kan ta tid.

Islamistiske opprører i Gao, Mali

Opprørarane i Mali er under stort press frå dei fleire hundre franske soldatane som allereie er der, og kan vente større motstand når fleire land kastar seg inn i kampen.

Foto: ISSOUF SANOGO / Afp

Desse instruktørane skal ha som mål å bygge ut Mali sine eigne tryggingsstyrkar som finst i Bamakoområdet.

Mellom anna vil dei trene opp maliske styrkar i våpenbruk, seier operasjonssjefen i det svenske forsvaret, Anders Silwer.

– Det handlar til dømes om allmenn våpentrening og kamp i små einingar, seier Silwer.

Noreg held seg unna – førebels

Ifølgje Utanriksdepartementet støttar Noreg den franske aksjonen, som skjedde på oppmoding frå maliske styresmakter i tråd med oppmodinga frå tryggingsrådet i FN.

Gry Larsen

IKKJE AKTUELT: Ifølgje statssekretær i UD, Gry Larsen, støttar Noreg aksjonen, men det er ikkje aktuelt å sende verken materiell eller mannskap dit.

Foto: Sjøwall

Den vestafrikanske samarbeidsorganisasjonen ECOWAS vil i dagane framover sende om lag 2000 soldatar for å støtte styrkane, men Noreg har per i dag ingen plan om å følgje i Sverige og Danmark sine fotspor.

– Det er på noverande tidspunkt ikkje aktuelt for Noreg å bidra med militært materiell til den pågåande militære aksjonen, seier statssekretær i Utanriksdepartementet, Gry Larsen.

– Har ikkje blitt spurt

Men Noreg er ikkje blitt spurt om å bidra militært, og dersom spørsmålet kjem, kan det bli ei anna sak, ifølgje Larsen.

– Noreg bidreg i dag økonomisk med tanke på den humanitære situasjonen, og vi vurderer å bidra meir til dette. Men når det gjeld eit militært bidrag frå norsk side, har vi ikkje fått noko formelt spørsmål om det, seier ho.

– Dersom vi får spørsmål om å bidra militært, vil vi sjølvsagt vurdere det nøye, held Larsen fram.

Storstilt fransk militæraksjon

Frankrike innleidde fredag ein stor militæroffensiv mot islamistane, som i ni månader har tatt kontrollen over Nord-Mali, eit område på storleik med Frankrike.

Franske jagarfly og kamphelikopter rykkjer stadig lengre nord, og flyttar innsatsen sin mot dei viktigaste basane til opprørarane. I tillegg har dei franske styrkane gått til angrep på stillingar i mindre byar lengre sør.

LES OGSÅ: Frankrike med luftangrep i Mali
LES OGSÅ: Frankrike ber FN om rask innsats i Mali

Britain's Prime Minister David Cameron leaves Downing Street in London

Statsminister i Storbritannia David Cameron sender også styrkar til Mali for å støtte den franske operasjonen i landet.

Foto: Neil Hall / Reuters/NTB Scanpix

Ei rekkje av nabolanda til Mali har lovd å bidra med soldatar til ein bakkestyrke.

Senegal, Togo, Niger og Burkina Faso vil sende 500 soldatar kvar, medan den regionale stormakta Nigeria kjem til å bidra med 600 soldatar. Benin sender også 300 militære.

Storbritannia sender transportfly

Søndag sendte også Storbritannia fly til Mali for å støtte den franske operasjonen.

I helga sendte dei det første av to militære transportfly, men statsminister David Cameron seier han ikkje vil sende soldatar.

LES OGSÅ: Britene inn i Mali-konflikten

– Leiarane er einige i at situasjonen i Mali utgjer ein reell trussel mot internasjonal tryggleik på bakgrunn av terroristaktiviteten i området, uttalte Cameron sin talsmann i helga.

Det britiske transportflyet er meint å frakte materiell til dei Franske styrkane. Også USA har varsla at dei kan kome til å støtte operasjonen.

SISTE NYTT

Siste nytt