NRK Meny
Normal

Danmark kastar ut stjernestudenten Marius fordi han jobba for mykje

Marius Youbi vart denne veka kasta ut av Danmark fordi han hadde jobba halvanna time for mykje. Ingeniørstudenten frå Kamerun får no støtte frå tusenvis av danskar.

Marius Youbi jobbet mer enn det utenlandske studenter får lov til. Derfor ble han utvist fra Danmark.

Marius Youbi måtte seie farvel til nevøen då han torsdag reiste ut av Danmark. Studenten vart kasta ut fordi han hadde jobba for mykje. Sjå DR si sak frå Billund flyplass torsdag.

Aarhus Universitet kallar Marius Youbi for ein av sine beste studentar, og dei har no flytta fram fleire eksamenar, slik at Youbi skal få ta den før han forlèt Danmark.

– Eg har gjort feil

For Youbi har fått beskjed om å forlate Danmark innan 8. januar. Årsaka er at han har jobba 90 minutt for mykje i veka i jobben som reingjeringsmedarbeidar. Ein jobb han hadde for å finansiere studia. I Danmark kan utanlandske studentar berre jobbe 15 timar i veka.

Youbi sin klage vart ikkje teken til følgje, sjølv om han held seg innanfor den samla arbeidstida som er lov i løpet av eit år.

– Eg håpa heile tida på at noko kunne bli gjort. Men ja, så kom eg på at det er eg som har gjort feil, sa ein skuffa 30-åring til DR då han torsdag var på Billund Lufthavn for avreise til Kamerun.

Youbi har studert i fire og eit halvt år, og skulle i praksis hos KK Wind Solutions no i januar. Firmaet seier dei no vil forsøke å ordne ein praksisplass utanfor Danmark.

Skal vurdere saka på ny

Youbi seier sjølv at han skal forsøke å få godkjent sine danske studium i Kamerun, slik at han kan fullføre studiet i heimlandet.

Saka har fått mykje merksemd i Danmark der ei konservativ regjering har stramma inn lovane for utlendingar.

Studenten får mykje støtte. Mellom anna frå universitetet, Ingeniørforeninga og fleire medlem i Folketinget. I tillegg er det samla inn over 18.000 underskrifter til støtte for Youbi.

Inger Støjberg

Inger Støjberg har lova å sjå på saka på ny etter at ho lenge sa at ho ikkje kunne gjere noko for å hjelpe Youbi.

Foto: DR

Det er det sosialistiske partiet SF som har stått bak underskriftskampanjen. Dei leverte torsdag underskriftene til integreringsminister Inger Støjberg som har lova å sjå på saka ei gong til, men det kan ta fleire månader.

– Det er ergerleg at det skjer i 11. time, men det viser jo at folkeleg og politisk press verkar, sa nestleiar i SF, Signe Munk, etter at ho hadde gitt underskriftene til ministeren.

– Heim og vente

Youbi snakkar flytande dansk, har budd i landet i over fire år, og har ei syster som bur i Danmark.

– Eg har bygd opp noko i Danmark. Eg har fått mange vener her, og eg har familie her som eg forlèt. Det er hardt å seie farvel til så mykje, seier Youbi til DR.

Han legg til at han er takknemleg for støtta og håper å komme tilbake att til Danmark.

– Først skal eg heim og vente, og så må eg berre håpe på det beste.

Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste nytt