NRK Meny
Normal

Danielle Mitterrand er død

Danielle Mitterrand, enkja etter den avdøde franske presidenten François Mitterrand, er død. Ho blei 87 år gammal.

Danielle Mitterand (1981)

Danielle Mitterand røystar under det franske presidentvalet i 1981, som ektemannen François Mitterand(t.v.) kom sigrande ut av.

Foto: JEAN-CLAUDE DELMAS / Afp

Den tidlegare førstedama blei innlagd på sjukehus fredag med pusteproblem. Mitterand blei seinare lagd i kunstig koma, og døydde på Georges-Pompidou-sjukehuset i Paris natt til tirsdag, 87 år gammal.

Den tidlegare førstedama var gift med François Mitterrand i 51 år. Han var president i Frankrike frå 1981 til 1995, og var den første sosialisten som blei president i den femte franske republikken. Den tidlegare presidenten døydde i 1996.

Jobba for rettferd

Danielle Mitterrand var ein ivrig forkjempar for rettane til minoritetsgrupper som kurdarar og tibetanarar, arbeidde for ei meir rettferdig fordeling av globale ressursar og var god ven med den kubanske leiaren Fidel Castro.

Ho hadde pikenamnet Danielle Gouze, og begynte tidleg å engasjera seg politisk. Som 17-åring melde ho seg inn i Den franske motstandsrørsla, der ho også trefte sin framtidige ektemann.

Paret gifta seg i oktober 1944, og François Mitterrand starta sin politiske karriere i Sosialistpartiet med Danielle ved si side.

Kritiserte Chirac

I tillegg til å vera engasjert i globale utviklingsspørsmål, var Danielle også ein ivrig kommentator i politiske spørsmål på heimebane.

Ho kritiserte ofte den konservative statsministeren Jacques Chirac, og seinare innvandringspolitikken til innanriksminister Charles Pasqus.

Dannielle Mitterand etterlèt seg to søner, Jean-Christophe og Gilbert. Ein tredje son, Pascal, døydde kort tid etter fødselen.

Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste nytt