NRK Meny
Normal

Dalai Lama-nevø påkøyrd og drepen

Ein av nevøane til Dalai Lama døydde måndag kveld etter å ha vore involvert i ei trafikkulykke i Florida, USA.

Jigme Norbu og broren Thubten

Jigme Norbu med fridomsflammen under ein protest mot kinesisk undertrykking av tibetanarar i 2008.

Foto: Jeremy Hogan / Ap

Jigme Norbu med plakat av onkelen sin

Her har han ein plakat av onkelen sin under ein demonstrasjon for Tibet.

Foto: Jeff Chiu / Ap
Jigme Norbu ville ha eit fritt Tibet

Jigme Norbu ville ha eit fritt Tibet.

Foto: DON EMMERT / Afp

45 år gamle Jigme Norbu spaserte langs ein motorveg i Nordaust-Florida då han vart treft av ein bil, opplyser trafikkpolitiet.

– Han gjekk sørover og vart treft av ein bil. Vi undersøkjer framleis om han var utanfor vegbanen eller om han var delvis i vegbanen, seier ein tenestemann til MyFox.

Norbu var med i marsjen «Walk for Tibet» frå St.Augustine til West Palm Beach, ifølgje Amassadors for Peace.

Han var ifølgje nettstaden FlaglerLive tre minutt frå å nå fram til ein restaurant der han skulle møte folk frå sitt eige følgje.

Dalai Lama har motteke den triste bodskapen, og vil hugse nevøen i sine bøner i dag, seier sekretæren Chhime Rigzing til nyheitsbyrået AFP.

Norbu etterlet seg tre born. Han var sonen til Dalai Lama sin avdøde bror Takster Rinpoche, som døydde i 2008, 86 år gammal.

Politiet har ikkje bestemt seg for kva om dei skal reise tiltale mot føraren som trefte Norbu. Ifølgje foreløpige rapportar skal føraren ikkje ha vore påverka av alkohol.

Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste nytt