Hopp til innhold

Cuba opnar for nybilkjøp etter 50 år

Sidan 1959 har cubanarar vore nøydde til å be styresmaktene om lov til å kjøpe bil frå forhandlarar. No kastar dei den gamle regelen, og dermed kan bilparken på øya endrast drastisk.

Kommunistregimet på Cuba har lenge hatt kontrollen på kven som kan kjøpe seg nye bilar, og kven som må ty til dei gamle. I 1959 innførte regjeringa til dåverande president Fidel Castro ein lov som hindra cubanarar til å kjøpe bil med lånte pengar.

Bilar frå 50-talet

Eit år etterpå innførte også USA ein handelsembargo overfor øystaten, som ein respons på at Cuba la beslag på eigedomar eigd av amerikanarar. Til og med bildelar til den eksisterande bilparken på Cuba vart ulovleg å frakte ut frå USA og inn i kommunistregimet.

Dermed vart Cuba sittande at med ein bilpark som berre har blitt eldre og eldre, og framleis rullar mange bilar frå tida før 1960 rundt på vegane på Cuba, sjølv om bilar også har blitt importert frå Asia og Europa etter USAs embargo vart innført.

CUBA-VEHICLES/ A man takes a picture of a new convertible car on display for sale at Havana's International Fair

Det finnes også nye bilar på Cuba, men no skal det bli endå enklare å få tak på nye bilar, utan at styresmaktene treng godkjenne kjøpet.

Foto: DESMOND BOYLAN / Reuters

300 reformar på Cuba

Men no har altså politikarane på øya bestemt seg for å sette ein stoppar på den over 50 år lange praksisen, skriv den kommunistiske avisa Granma i sit papirutgåve.

For to år sidan sørga ein reform for at cubanarar kan handle bilar fritt med kvarandre, men at dei måtte søke styresmaktene om lov til å handle frå ein forhandlar. No står folket derimot frie til å kjøpe bil, men alle bilutsal i landet er framleis eigde av den cubanske stat.

Oppmjukinga av bilsalet er berre ein av 300 reformar som noverande president, Raul Castro, bror til Fidel, godkjente i 2011. No ventar tusenvis av private bedriftar, bønder, transportbyrå, byggefirma og andre aktørar på å kunne nyte godt av nokre av dei andre reformane, skriv Reuters.

SISTE NYTT

Siste nytt