Hopp til innhold

Cuba vil inn i varmen

Cuba gjennomfører den største økonomiske reforma sidan 60-talet og slepp samvetsfangar fri. EU pressar på for ytterlegare dialog og demokratisering. Cuba er inne i eit politisk tidevatnskilje medan USA står fast på blokaden.

Kvinner i hvitt marsjerer i Havana

Kvar søndag marsjerer Kvinner kvitt i hovedstaden Havana for å få sett politiske fangar fri. Dei er ei påminning om at mykje ikkje er endra på Cuba.

Foto: DESMOND BOYLAN / Reuters

KOMMENTAR: Sigrun Slapgard
Foto: NRK

EU-parlamentet synleggjer sitt politiske press på Cuba ved den tredje utdelinga av Sakharov-prisen til Cuba-dissidentar.

I år gjekk prisen til menneskerettsaktivisten Guillermo Fariñas. Han har sveltestreika fleire gonger, i år i 134 dagar for å få politiske fangar fri. Han er psykolog og journalist, og er tidlegare heidra som krigshelt.

Kvinner i kvitt har kvar søndag sidan arrestasjonane i 2003 gjennomført sine stille demonstrasjonar for dei politiske fangane i Havanna, og fekk Sakharov-prisen i 2005.

Video Guillermo Fariñas mottar Sakharov-prisen

Guillermo Fariñas er vinnar av årets Sakharov-pris.

Frie og utviste

Fariñas fekk ikkje forlate Cuba for å reise til Frankrike og ta i mot prisen. Og hadde han fått lov, var det endå meir usikkert om han fekk vende heim med Sakharov-prisen i kofferten.

For dei fleste av dei politiske fangane som er sleppte fri dette året, har måtta forlate Cuba, ofte med heile familien.

Slik var det med den norske prisvinnaren Normando Hernandez, han overlevde sju år i fengsel mykje takk vere støtte frå Den norske Forfatterforeningen.

Da han kom til Madrid nesten direkte frå fengselet, sa han til NRK at det er «fridom» å bli utvist frå landet sitt på denne måten.

Video Normando Hernandez

Forfattaren Normando Hernandez bur no i Spania.

Obama har skuffa

I fjor snakka president Obama om «ein ny start» i forhold til Cuba. Det tente eit håp om at den snart 50 år gamle amerikanske blokaden av landet kunne blir oppheva. Men Obama har vist seg både utan vilje og evne til å presse Kongressen til å heve restriksjonane mot Cuba.

Det var Bill Clinton som gjorde handelsblokaden til amerikansk lov, den såkalla Helms-Burton-lova, nå går han inn for å oppheve lova. Men saka var ikkje ei vinnarsak i den siste valrunden, og dei to demokratane som har stått på for å fjerne blokaden, Christopher Dodd og Byron Dorgan, er ute av Kongressen.

Kritikarane meiner Obama er gissel for høgresida og sit fastlåst i nåverande Cuba-politikk. Få trur på eit initiativ frå Det kvite huset for å lette på forholdet til Cuba.

I 2000 kom det ei tillemping av reiserestriksjonane for eksilkubanarar, og det vart tillate ein viss amerikansk matvareeksport og pengeinnførsel til øya. Det er også gitt lov til forhandlingar om telekommunikasjon og dialog om immigrasjonsspørsmål.

Etter den siste valrunden er det endå mindre som tyder på at Obama vil bryte med blokadelina. Sjølv etter at Cuba har innført økonomisk reform og sleppt fangar fri, etterlyser Obama «politisk opning» og meiner Raul Castro ikkje har gjort nok.

Han kan likevel kome til å opne for akademisk og kulturell utveksling, det kan Obama gjere utan å be Kongressen om å endre den omstridte lova.

Eit nesten samstemt FN forkastar blokaden som mange meiner er ei skam for fredsprisvinnaren Obama.

Spania og Norge presser

I Europa-parlamentet oppfordra Spania til oppmjuking overfor Cuba og til å endre det såkalla fellesstandpunktet frå 1996.

Men også her er det uvilje frå politisk høgre mot utvida samkvem med Cuba. Land som Sverige og Tsjekkia er markant imot.

EUs utanrikssjef Catherine Ashton skal likevel legge fram ein plan for å styrke dei diplomatiske banda mellom Cuba og EU.

Fleire europeiske land ser truleg også til den tydelege stemmeforklaringa Norge gir i FN om kor viktig det er å heve blokaden mot Cuba: «Norge er for økt samarbeid med alle deler av det cubanske samfunnet, inkludert kommersielle forbindelser».

I forklaringa ligg det ein innebygd kritikk av den amerikanske blokaden som råkar tredjeland.

Ein hovudmotor for kravet om meir samkvem med Cuba er openbart økonomiske, for Spania så vel som for Norge, men det blir samstundes gjort ein innsats for å sette menneskerettar og ytringsfridom på dagsorden.

Da Erik Solheim var på gjesting på Cuba i vår, vart til dømes saka til den da fengsla Normando Hernandez tatt opp.

Norge har slik utnytta sitt handlingsrom utanfor EU. Konkret press på menneskerettsspørsmål ser ut til å ha hatt ein verknad og trengs framleis.

Det veit til dømes ein dissident ved namn Raul Risco. Med videokamera kjøpt for norske prispengar, har han laga sosialreportasje og blitt fengsla for det.

Video Raul Risco

Det er langt att til at ytringsfridommen på Cuba har frie vilkår. Det fekk Paul Risco merke.

Oppmjuking trengs

Årets Sakharov-vinnar er krigsveteran og feira som helt. Han seier han når som helst er klar til ny sveltestreik, han er villeg til å ofre livet for politisk forandring på Cuba.

Fariñas seier dette opent og fritt til verdspressa, vel vitande om at styresmaktene opna fengselsdørene etter at ein annan kjent dissident, Orlando Zapata, døde etter ein sveltestreik på 85 dagar.

Sjølv om det var den katolske kyrkja med hjelp av spansk påtrykk som forhandla fram frisettinga av dei 52 politiske fangar, er det kubanske signalet tydeleg:

Tida for reform og dialog med omverda er komen – om Obama har skuffa og EU lar vente på seg, Cuba vil inn i varmen.

SISTE NYTT

Siste nytt