Hopp til innhold

No kan dei reise til utlandet

Etter 50 år med isolasjon får no endeleg Cuba sine innbyggjarar reise utanlands som turistar. Raul Castro la i dag fram planar om å oppheve reiseforbudet.

CUBA/

Cuba har dei siste åra blitt eit ynda turistmål medan cubanarane sjølv har vore isolert frå verda.

Foto: DESMOND BOYLAN / Reuters

Dette er ein av over 300 reformer som var vedteke av kommunistpartiet under ein partikongress i midten av april.

Detaljane rundt regelendringane er førebels ikkje kjend, utanom at dette er eit ledd i ein prosess om å gjere Cuba sin økonomi meir open.

Mange hindringar

Det har ikkje vore eit direkte forbod mot utreise for cubanarane, men dei har vert nødd til å gå gjennom ei rekke byråkratiske hindringar som har gjort det praktisk tala har vore umogleg for vanlege folk å dra på utanlandsferie.

Cubanarane har til no måtte betale eit utreisegebyr på 150 dollar (820 kroner), og utgiftene til det byråkratiske papirarbeidet som måtte til for å godkjenne ein utanlandsreise kjem på rundt 2000 kroner.

Grensa for å opphalde seg i utlandet har vore på berre 30 dagar. Og viss ein cubanar opphaldt seg i utlandet lengre enn 11 månadar ville han bli sett på som ein desertør, og få alle eigedelane sine fråteke av staten.

Det var heller ikkje kven som helst som har fått moglegheita til å søkje. Berre artistar, akademikarar, idrettsfolk og nokre få forretningsmenn i kommunistpartiet fekk passere.

I tillegg er det stort sett berre tidlegare austblokk-land som det er mogleg å reise til.

(artikkelen held fram under biletet)

Fidel Castro og Raul Castro

Raul Castro (t.h.) tek ikkje i mot alle råda frå broren. Økonomien er i ferd med å opne seg opp etter at Fidel gav frå seg makta.

Foto: ADALBERTO ROQUE / AFP

Store økonomiske reformer

Forandringa er ein del av store økonomiske reformer satt i gong av president Raul Castro. Formålet har vore å få ein større økonomisk vekst utan å gå vekk frå dei sosialistiske prinsippa.

Berre for to veker sidan vart det spekulert i om cubanarane snart kan få lov til å kjøpe bilar som er produsert etter 1959.

I fjor sommar blei det opna for at cubanarane lettare kunne starte si eiga bedrift, og gjorde det lovleg å tilsette arbeidskraft privat.

Bakgrunnen for den avgjersla var at Cuba var inne i ein djup økonomisk krise, der Raul Castro innrømma at statlege arbeidarar ikkje var produktive nok.

– Me kan ikkje halde fram med å oppretthalde tanken om at Cuba er den einaste staden i verda der ein kan leve utan å jobbe, sa Castro.

SISTE NYTT

Siste nytt