Hopp til innhold

CNN: Jundalla tek på seg ansvaret for bussangrepet

Den militante gruppa Jundallah tek på seg ansvaret for bussangrepet der minst 43 menneske vart drepne og fleire skadde, skriv CNN. Gjerningspersonane køyrde på motorsykkel opp til bussen før dei skaut mot bussen.

PAKISTAN KARACHI SHOOTING At least 43 killed in Pakistan bus shooting

Pakistanske politimenn ved eit sjukehus i Karachi, der minst 40 menneske er drepne av gjerningspersonar på motorsykkel.

Foto: REHAN KHAN / Epa

Augevitner har forklart til pakistanske medium at minst seks gjerningspersonar kom køyrande på motorsyklar i området Safoora Chowk.

CNN melder no at ei militant gruppe med namnet Jundallah tek på seg ansvaret. Det skal vere talsmannen Ahmad Marwat som opplyser dette, ifølgje kanalen.

Pakistanske TV-kanalar viser bilete av ein rosa buss som er dekt av kulehol, ifølgje nyheitsbyrået Reuters.

– Personane stoppa bussen og byrja å skyte frå utsida, så gjekk dei inn i bussen. Etter det såg dei til om nokon overlevde, seier politiet.

Saka held fram under videoen.

Bussangrep i Pakistan

Ein video som viser skadane på bussen. Ein kan også sjå blod som kjem frå bussen.

Bussen var full av passasjerar tilhøyrande ein minoritetsgruppe av sjiamuslimar då den vart angripen.

Talet på drepne varierer, men fleire skriv at talet på drepne er oppe i 43.

Dei skadde vart frakta til sjukehus etter angrepet. Politiet seier til Al Jazeera at tilstanden til dei skadde er alvorleg, og at dei var dekte av blod.

Politiet har funne ein 9mm pistol som dei mistenkjer for å vere eit av våpena som vart brukte i angrepet.

Saka held fram etter biletet.

Bussåtak

Bussen som frakta menneska er full av kulehol, ifølgje vitner.

Foto: ARY/DAWN TV

– Lita jente overlevde ved å gøyme seg

Ary News skriv at 16 av dei drepne skal vere kvinner. Dei skriv også at minst 60 menneske var om bord på bussen. Men også dette kjem det motstridande beskjedar om.

– Bussen har ein kapasitet på 52 personar, men den var overfylt, seier politiet.

Dagbladet har snakka med tryggingskoordinator Rana M Razzaq ved Mermon Medical Center. Han seier at ei lita jente overlevde, fordi ho gøymde seg under åtaket.

Laster Twitter-innhold

Den indiske statsministereren kommenterer åtaket

Den indiske statsministeren Naendra Modi, var tidleg ute på Twitter og viste si medkjensle med dei råka etter angrepet.

– Angrepet i Karachi er trist, og fullstendig uakseptabelt. Våre tankar er med familiane til dei drepne.

Vidare skriv Modi på Twitter at han sender dei såra ei helsing med håp om at dei raskt vert friske.

Bussåtak

Bussen som frakta menneska er full av kulehol, ifølgje vitner.