CNN-kommentator: Noreg er klimahyklarar

– Noreg er ikkje klimameistrar. Dei er klimahyklarar, skriv CNN på kommentarplass.

Offisiell åpning av Johan Sverdup.

Johan Sverdrup er Noregs tredje største oljefelt på norsk sokkel. CNN skriv at problemet til Noreg, er at miljøinnovasjonen er finansiert av oljepengane.

Foto: Carina Johansen / NTB

«I Oslo er gatelyktene drivne av fornybar energi. For å spara energi blir dei smarte lysa svakare når ingen er i nærleiken. Den norske hovudstaden, som i likskap med resten av landet, er stolte av sitt eksepsjonelle grøne skifte. Offentlege transportsystem er også drivne av heilt fornybar energi. To tredjedelar av nye bilar som blir selde i byen er elektriske. Det er til og med ein motorveg for bier».

Det skriv CNN-journalisten Ivana Kottasová innleiingsvis, før ho legg til:

«Det er berre eitt problem. Mykje av miljøinnovasjonen som Noreg er så stolte av, er finansiert av oljepengane».

Noreg er eitt av landa som skil seg ut

I saka blir Noreg jamstilt med Canada og Storbritannia, fordi vi «forkynnar berekraft, men samstundes tener på det som forårsakar klimaendringane».

Dei meiner desse tre nasjonane skil seg ut. Det er mange land som produserer fossilt brensel trass i at dei pliktar seg til å motarbeida klimaendringane.

Men Noreg, Canada og Storbritannia skil seg ut fordi dei gjer det samstundes som dei posisjonerer seg som klimameistrar, skriv CNN.

Extinction Rebellion aksjonerer

Aksjonsgruppa Extinction Rebellion viser fram «elefanten i rommet» i gatene i Oslo.

Foto: Ole Berg-rusten / NTB

I samsvar med internasjonale avtalar er kvart land berre ansvarlege for klimagassutslepp på eigne territorium.

Det tyder at Noreg, Canada og Storbritannia ikkje treng å uroa seg for å utsleppa forårsaka av forbrenning av olje, gass og kol andre stadar rundt om i verda.

– Ikkje 100 prosent fornuftig

Canada, Storbritannia og Noreg har alle sett ambisiøse mål. Storbritannia og Canada har lova å redusera territoriale utslepp til netto null innan 2050. Noreg ynskjer å vera karbonnøytrale innan 2030.

Dette «netto nullet» tyder at om dei ikkje kan eliminera alle utslepp heilt, kan dei gjera opp for forskjellen ved å fjerna karbon frå atmosfæren, til dømes ved å planta fleire tre.

Professor Niklas Höne, ein av grunnleggjarane ved NewClimate Institute, fortalde CNN at avgjerdene om å fokusera på territoriale utslepp går langt tilbake i klimaforhandlingane.

– Det var ein lang diskusjon om å gjera det på denne måten. Avtalen blei nådd, og den dekkjer ikkje spørsmålet om eksport, eller spørsmål om forbruk av varer som blir produsert andre stader. Eg er samd, det er ikkje 100 prosent fornuftig, sa han.

Noregs årlege innanlandske utslepp nådde rundt 53 millionar tonn i 2017. Utsleppa frå olja og gassen som Noreg selde til utlandet nådde omtrent 470 millionar tonn i 2017, ifølgje FNs utsleppsrapport.

Rotevatn med utsegn

CNN har også prata med Noregs klima- og miljøminister Sveinung Rotevatn (V). Til kanalen har han sagt at Noreg sine forpliktingar er basert på territoriale klimamål.

– Utslepp knytt til forbruket av eksporterte olje- og gassprodukt i andre land er dekte av importørane sine utsleppskontoar og mål, uttalte han til CNN.

Sveinung Rotevatn

Klima- og miljøminister, Sveinung Rotevatn.

Foto: Tore Linvollen / NRK

På spørsmålet om Noreg sine olje- og gasseksportplanar sa han:

– Noreg støttar sterkt overgangen frå bruk og produksjon av fossil energi til fornybar energi.

– Nye avgjerder må til

Canada, Noreg og Storbritannia planlegg å halda fram med å produsera fossile brensel, investera i nye prosjekt og leiting av olje.

Om Noreg held fram med å bora som planlagt, vil dei totale utsleppa utgjera omtrent 15 gigatonn CO₂, ifølgje CICERO, eit norsk klimaforskingsinstitutt. Det ville ha «ete opp» 6,5 prosent av det attverande karbonbudsjettet for heile verda, skriv CNN.

Professor Niklas Höne har sagt til CNN at klimaplanar ikkje kan stoppa ved utsleppskuttande mål, men at ein også bør setja tidsfristar for utfasing fossilt brensel.

– Så langt er det berre nokre få små produsentar som har slutta å tillata nye stader for fossilt brensel. Danmark har gjort det, og slike avgjerder må også skje i Noreg, Canada, USA og Storbritannia også, sa han til CNN.

SISTE NYTT

Siste nytt