Hopp til innhold

Cicero: – Det verste som kunne skje for klimaet

– Valet av Donald Trump som president i USA er truleg det verste som kunne skje for det internasjonale klimasamarbeidet, seier forskingsleiar Steffen Kallbekken i Cicero, Senter for klimaforsking. Eit klimapolitisk jordskjelv, seier Zero-leiar Marius Holm.

Steffen Kallbekken

Steffen Kallbekken, forskingsleiar i Cicero, håpar Donald Trump blir meir moderat enn han har gitt uttrykk for i valkampen.

Foto: Eivind Molde / NRK

CO₂ i atmosfæren
425,4 ppm
1,5-gradersmålet
+1,13 °C
Les mer  om klima

Steffen Kallbekken viser til at Donald Trump har sagt at han ikkje trur på menneskeskapte klimaendringar, og at han vil trekkje ut av den internasjonale klimaavtalen som har fått namnet Paris-avtalen.

– Det kan ta fire år å trekkje USA frå klimaavtalen. Ingen kan trekkje seg ut før etter tre år, og då med eitt års varsel. Men han kan Klimakonvesjonen, som er sjølve grunnlaget for Paris-avtalen. Han kan gjere mykje for å vatne ut og svekkje avtalen, enklast ved rett og slett ikkje å rette seg etter han, seier Kallbekken til NRK.

Clean Power Plan

Donald Trump.

Donald Trump er valt til president i USA. Det verste som kunne skje, meiner Cicero.

Foto: MIKE SEGAR / Reuters

Han meiner det er eit stort spørsmål kva som no vil skje med den såkalla Clean Power Plan, eit regelverk som skal redusere utsleppa frå amerikanske kolkraftverk med 30 prosent fram til 2030. Trump har sagt at han vil stanse denne planen, men han er avhengig av støtte frå Høgsterett.

– USA har gått over frå kolkraft til gass i stadig større grad. Dersom Clean Power Plan blir vraka, kan det bli meir lønsamt å investere i kolkraft igjen, meiner Cicero-forskaren.

Steffen Kallbekken klamrar seg til håpet om at Donald Trump som president vil vise seg som meir moderat enn han gav uttrykk for i valkampen, at han vil strekkje ut ei hand også til miljørørsla og deira støttespelarar i Kongressen og Representanthuset.

Trumpsjokk i internasjonal klimapolitikk

Endringar på føderalt nivå

USA har ei sterk miljørørsle, og dei strenge utsleppskrava som ein delstatar har innført vil ikkje Trump kunne endre på. Men på føderalt nivå kan han gjere endringar, om han vil, særleg med tanke på at Det republikanske partiet ser ut til å få fleirtal i begge kammer i Kongressen.

– Sjølv om USA har ei sterk miljørørsle, så står ikkje miljø og klima øvst på dagsorden. Det vil bli enklare å svekkje klimaarbeidet. Valet av Trump er dårleg nytt for det internasjonale klimasamarbeidet, men håpet ligg i at han modererer seg, seier Steffen Kallbekken.

Dette har Trump sagt han skal gjøre som president

Clinton-kjendiser rystet etter valgnederlag

– Trur ikkje på moderering

Marius Holm, ZERO

Zero-leiar Marius Holm trur ikkje Donald Trump vil moderere seg i klimapolitikken når han tek over som president.

Foto: magnus gamlem

- Eg er redd for at Donald Trump ikkje vil moderere seg. Klimafornekting er godt forankra i Det republikanske partiet, og mange av partiet sine representantar er tett knytte til oljebransjen og kolbransjen. Av alle Trumps valløfte, så er det han har sagt om klima eitt av dei mest realistiske, seier Marius Holm, leiar i miljøstiftinga Zero.

Han er sikker på at olje, gass og kol no vil få fritt spelerom i USA, og at reguleringa av kolkraft forsvinn. Det Obama har innført av miljøtiltak, kan opphevast av den nye presidenten, meiner han.

– Det verkar sikkert at USA vil gå frå å spele ei viktig konstruktiv rolle under Obama, ikkje vil vere ei drivkraft i Paris-avtalen. Kina og USA var dei viktigaste partane å få med, og når den eine bakkar ut så er det alvorleg, seier Zero-leiaren.

Han meiner det no blir spennande å sjå kva resten av verda gjer.

– Kva gjer resten av den siviliserte verda når USA bakkar ut? Det er ikkje sikkert at resten følgjer USAs eksempel, men det er likevel ingen tvil om at valet av Trump vil bli skadeleg for det internasjonale klimasamarbeidet, seier Marius Holm.

SISTE NYTT

Siste nytt