NRK Meny
Normal

CIA samlar kreftene mot Nord-Korea

Den amerikanske etterretningsorganisasjonen CIA har oppretta eit eige operasjonssenter for å møte «den kjernefysiske og ballistiske trusselen frå Nord-Korea og den uføreseielege leiaren deira».

Nord-Koreas leiar Kim Jong-un.

USA tek truslane frå den nordkoreanske leiaren Kim Jong-un på alvor, og CIA opprettar no eit eige operasjonssenter for landet.

Foto: Ed Jones / AFP

Frå før har CIA oppretta ti såkalla «Mission Centers», operasjonssenter der organisasjonen har samla ekspertar frå fleire ulike felt i ei gruppe. Her arbeider analytikarar side om side med agentar og offiserar.

Ifølgje CNN vil etableringa av Nord-Korea-senteret fokusere på spesifikke truslar frå den koreanske halvøya. Målet er å samle alle ressursar, kapasitet og autoritet i CIA for å kunne hanskast med Nord-Korea.

– Svar på truslar

CIA-direktør Mike Pompeo .

CIA-direktør Mike Pompeo seier det nye senteret er eit svar på nordkoreanske truslar mot USA.

Foto: Chip Somodevilla / AFP

I ei fråsegn frå CIA heiter det at det nye senteret vil samle erfarne offiserar frå heile organisasjonen, slik at deira ekspertise og kreativitet kan brukast mest mogleg effektivt mot Nord-Korea.

Tidlegare sjefanalytikar i CIA, John Nixon, seier til CNN at han ventar at det nye senteret vil kome med oppdateringar til Det kvite hus om situasjonen i Nord-Korea fleire gonger i døgnet og at senteret blir døgnbemanna.

CIA-direktør Mike Pompeo seier at dette er eit svar på dei alvorlege truslane frå Nord-Korea mot USA.

Tidlegare har Korea vore ein del av CIAs senter for Aust-Asia og Stillehavsområdet.

Det er uklart kor mange CIA-tilsette som blir knytte til det nye senteret, men ekspertar reknar med at det får «ein betydeleg storleik».

Nord-Korea militærparade.

USA fryktar både dei ballistiske rakettane og atomprogrammet til Nord-Korea.

Foto: Wong Maye-e / AP

Trappa opp retorikken

Frå før har CIA eigne senter for følgjande område: Afrika, Aust-Asia og Stillehavet, Europa og Eurasia, Midtausten, Sør- og Sentral-Asia og Den vestlege halvkula. I tillegg har dei eigne senter for kontraspionasje, for kampen mot terror og eitt senter mot spreiing av atomvåpen.

Sør-Koreas nye president Moon Jae-In.

Sør-Koreas nyvalde president Moon Jae-in vil ha forhandlingar med Nord-Korea.

Foto: Jung Yeon-je / AFP

Både Nord-Korea og USA har trappa opp retorikken den siste tida. Nordkoreanske styresmakter sa sist veke at dei hadde avslørt planar frå CIA om å ta livet av leiaren Kim Jong-un. Landet har også varsla at dei vil sette fart på atomvåpenprogrammet sitt.

Samstundes har den nyvalde presidenten i Sør-Korea, Moon Jae-in, gjort det klart at han ynskjer samtalar med naboen i nord .

Forhandlingar i Oslo?

Det har den siste tida også versert meldingar om at det går føre seg hemmelege samtalar mellom Nord-Korea og USA i Oslo, men dette er ikkje offisielt stadfesta. USA har sagt at det ved fleire høve har fått føre seg sonderingssamtalar på lågt nivå mellom dei to landa, og at det er heilt normalt mellom land som ikkje har diplomatisk samband.

Seks grunnar til at Kim Jong-un ikkje er redd for Donald Trump

– Sabelrasling og mulig krig mot Nord-Korea er bløff

Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste nytt