Oppnådde det han ønskte mest

Cho Seung-Hi oppnådde sist mandag truleg det han ønskte mest av alt i det korte livet sitt: Merksemd.

Virginia Tech
Foto: TIM SLOAN / AFP

I døden fekk han meir enn han kunne drøyme om av slaget, etter at han tok livet av 32 medstudentar og lærarar på Virginia Tech. Og så avslutta sitt eige.

Han fekk, må vi tru, hemna og kompensert for all mobbinga og latterleggjøringa.

Og han lyktest over all måte ved å få bildet sitt på TV-skjermar kloden rundt. Nå har han inntatt toppen av den eksklusive lista over USAs massemordarar.

Klassisk forstyrra drapsmann

Cho oppfyller alle dei klassiske kriteria på den forstyrra drapsmannen: Einstøingen som lengta etter respekt, og endte opp med å hate alle som hadde gjort livet hans så miserabelt. Dra heim til Kina, erta klassekameratane - koreanaren.

Cho Seung-Hui tok livet av 32 menneske og seg sjølv.
Foto: HO / REUTERS

I USA sluttar dei aldri å bli overraska når slikt skjer. Korleis kunne dette skje, spør dei. At ein slik mann kunne skaffe seg våpen så lett? Kvifor oppdaga ikkje butikken at han hadde ei mentalhistorie?

Det kan vere at sjølv den strengaste våpenlova ikkje kunne ha hindra det som skjedde på Virginia Tech. Det som likevel aldri får slutte å overraske oss andre, er kor varsame amerikanarane er å nærme seg spørsmålet om kva betydning tilgangen til våpen kan ha å seie. At nesten ingen diskuterer den særeigne amerikanske holdninga til våpen, insisteringa på den gude- og grunnlovsgitte retten til å eige og bere våpen.

Det er her USA skil seg

Det er illustrerande at den første reaksjonen etter tragedien i Virginia sist mandag, var at retten til å bere våpen er viktigare enn noen gong. At noen av dei drepne, kunne ha vore redda om andre studentar også var væpna.

For mange i USA er det å ha eit våpen den absolutte fridomen. Og her skil USA seg frå land det er nærliggande å samanlikne med: Canada har rundt 150 drap med skytevåpen årleg, Storbritannia bare rundt 50. I USA derimot er talet mellom12 og13.000.

Ein amerikanar er i 50 gonger større fare for å bli skoten enn ein brite. Og har amerikanaren våpen heime, er det 40 gonger så stor risiko for at eit familiemedlem eller ein venn blir skoten enn ein framand inntrengar. Ein gjennomsnittsdag i USA blir 16 barn og ungdommar drepne av handvåpen.

Og knapt noen med politiske ambisjonar våger å ta den innlysande debatten. Reaksjonen til president Bush mandag var typisk: Det er vondt og tragisk og vi ber for offera, men dette er ikkje tida for å snakke om våpen.

Ein lokal politimann held vakt utanfor heimen til massedrapsmannen.
Foto: MARK WILSON / AFP

Heller ikkje Hillary

Det gjorde da heller ikkje verken Hillary Clinton eller Barack Obama. Det er få stemmer å hente på våpenkontroll. Tvert om, det er mange å tape i viktige statar. Al Gore forsøkte i 2000-valet, og alle veit korleis det gjekk med han.

Det er enkelt å slå seg opp som hobbypsykolog og prøve å forklare det amerikanske fenomenet med noen usamanhengande setningar om historisk arv og idyllisert pionerånd, om heltedyrking og mistillit til sentralmakta, om glorifisert valdsunderholdning og trua på våpen som enkel konfliktløysar, eller oppfatninga om kor nesten grenselause den er, retten til å bestemme over sitt eige liv. Utan at det blir meir klargjørande. 

Konstitusjonen står sterkt i det amerikanske medvitet, og våpentilhengarane surfar hemningslaus på det andre grunnlovstillegget. Lett kan det heller ikkje vere å gå imot våpenlobbyen etter at den har kasta millionar etter deg i valkampen. I fjor fekk republikanarane 160 gonger så mye pengestøtte frå våpentilhengarane som frå antivåpen-grupper.

Fleire våpen på færre hender

Men det skjer noe også i skyggen av dei støyande våpentilhengarane. Sjølv om det finnst 200 millionar skytevåpen i privat eige i USA, er det bare kvart tredje husvere som har våpen. Våpena er blitt fleire, men dei ligg i forholdsvis færre hender. 

Og det er dei unge som snakkar mest om våpenkontroll. Det er dei som har hatt mest nærkontakt med våpenbruken, det er dei som har sett dei mest tragiske utslaga på skolar og andre lærestader.

Og det er kanskje dei som med tid og stunder kan ta tak i den amerikanske våpenkulturen.

Når vi har hatt enda noen massedrap.

SISTE NYTT

Siste nytt