Hopp til innhold

- Har påført mange smerte

Eigarane av den chilenske gruva der 33 gruvearbeidarar sit innesperra etter ein kollaps, ber om tilgjeving.

Gruveulykke i Chile

Pårørande har plassert chilenske flag i nærleiken av gruva i Copiapo der 33 gruvearbeidarar sit innesperra 700 meter under bakken.

Foto: Roberto Candia / Ap

– Ulukka har påført mange djup smerte. Det ber me om orsaking for, seier ein av sjefane for gruveselskapet San Esteban, Alejandro Bohn.

Gruveselskapet San Esteban er i så dårleg forfatning at det korkje har utstyr eller pengar til å redda arbeidarane. Selskapet har også sagt at dei innesperra arbeidarane ikkje kjem til å få løn for tida nede i gruva, skriv CBS.

Opna etter dødsfall

Gruva har tidlegare hatt 80 ulukker, og stengde etter eit dødsfall.

Eit statleg tilsyn påla selskapet å byggje nødutgang, men gruva opna igjen utan dette i 2008.

– Dette er forferdeleg situasjon. Me vonar at hendinga snart vil fåe in lukkeleg slutt, sa gruvesjefen tysdag, ifølgje AFP.

- Skal straffast

San Esteban har vorte kritisert for å ha venta unødvendig lenge med å varsla ulukka. Selskapet har ikkje delteke i redningsarbeidet, det har brote sikkerheitsforskrifter og det har ikkje betalt sosiale avgifter og ulukkesforsikring for sine tilsette.

Chiles president, Sebastian Piñera har tidlegare sagt selskapet skal granskast, og at dei ansvarlege vil bli straffa.

– Me skal granska og avklara ansvarsforholda, og straffa dei som sit med ansvaret, har presidenten uttalt.


SISTE NYTT

Siste nytt