Hopp til innhold

Chile vil granske Allende-dødsfall

Chilenske styresmakter vil setje ned ein granskingskommisjon som skal sjå på omstenda rundt dødsfallet til president Salvador Allende under kuppet i 1973.

Salvador Allende

Salvador Allende døydde under kuppet i Chile i 1973.

Foto: Scanpix/AFP

Tidligere diktator i Chile general Augusto Pinochet. Bilde fra 1973.

Augusto Pinochet i tida rundt kuppet i 1973.

Foto: - / AFP

Dette er første gong det blir ei offentleg gransking av korleis den folkevalde presidenten døydde.

Nasjonalt traume

Kuppet i 1973 førde til at generalen Augusto Pinochet tok makta i Chile, og dette har vore eit nasjonalt traume for det søramerikanske landet.

Kuppmakarane har sagt at Allende tok livet sitt, medan andre meiner han vart drepen av dei militære.

Allende vart funnen død i presidentpalasset etter at soldatar frå den chilenske hæren hadde skote mot huset og fly hadde bomba bygningen.

Ei anonym kjelde i det chilenske rettsapparatet seier at det har kome inn 726 krav om gransking av forhold rundt militærdikaturet frå 1973 til 1990, og at eitt av desse krava gjaldt dødsfallet til Salvador Allende.

Grunnla sosialistpartiet

Allende, ein av grunnleggjarane av det chilenske sosialistpartiet, vart av parlamentet valt til den første presidenten frå sosialistpartiet nokon gong i oktober 1970.

Han gjennomførde fleire sosiale reformar, nasjonalisering av industrien, noko som ikkje vart teke like godt mot av alle. Landet var prega av streikar og uro i tida før statskuppet

LES OGSÅ: Pinochet-brev forsvarer militærkupp

LES OGSÅ: De opplevde 11. september 1973

LES OGSÅ: Pinochet er død

LES OGSÅ: Beordrer Pinochet arrestert

LES OGSÅ: Torturhus ble museum

LES OGSÅ: Chile gransker CIA