Videoen over viser dei første kistene som kjem heim. Eit militært transportfly transporterte kistene frå Medellin i Colombia til flyplassen i Chapeco. Dei vart dei tekne mot at dei av Brasils president Michel Terner, dei styrande i byen og mange tilhengjarar.
Fyrverkeri lyste opp på himmelen då transportflyet med dei døde om bord gjekk inn for landing i eit kraftig regnvêr i føremiddag norsk tid.
Minneseremoni på stadion
Det er venta at rundt 100.000 av dei rundt 200.000 innbyggjarane i den sørbrasilianske byen vil delta i minneseremonien seinare i dag. Denne blir halden på fotballstadionet til Chapesoense Real.
Laget var på veg til Medellin for å spele sin største kamp nokon gong, då flyet styrta nokre kilometer frå flyplassen i den colombianske byen. Det at laget nådde så langt som til finalen i Copa Sudamericana, ei turnering tilsvarande Europaligaen, gjorde at spelarane vart folkeheltar i heimbyen.
Laget har aldri tidlegare spelt på internasjonalt nivå, og forventingane til finalekampen var enorme. Difor var sjokket også tilsvarande stort då det vart kjent at flyet deira hadde styrta, og at berre fem overlevde.
Gjekk tom for drivstoff
Det var måndag denne veka at ulukka skjedde. Flyet som styrta høyrde til eit boliviansk charterflyselskap, og dette selskapet har no mist flygelisensen inntil vidare.
Dette skjer etter at piloten i stor grad har fått skulda for det som skjedde. Flyet hadde gått tomt for drivstoff, og det var planen at det skulle mellomlande for å etterfylle. Flyplassen dei eigentleg skulle mellomlande i viste seg å vere stengt, men det var mogleg å flyge til den colombianske hovudstaden Bogota for å etterfylle drivstoff der.
Dette vart ikkje gjort, og flyet styrta i ei fjellside like utanfor Medellin. 19 av dei omkomne var spelarar på Chapesoense Real, medan 21 var journalistar som reiste saman med laget. Også heile mannskapet på sju omkom i styrten.
Her er Chapoense Real fotografert før semifinalen i Copa Sudamericana
Foto: NELSON ALMEIDA / Afp