NRK Meny
Normal

CBS: - Al Qaida-planar om terror i USA måndag

Amerikansk etterretning har varsla lokale styresmakter i New York, Texas og Virginia om moglege Al Qaida-planar om terrorangrep førstkomande måndag, dagen før presidentvalet, melder CBS.

Hillary Clinton og Donald Trump.

Amerikansk etterretning fryktar at Al Qaida har planar om angrep mot USA dagen før presidentvalet.

Foto: JEWEL SAMAD / Afp

CBS siterer anonyme kjelder i amerikansk etterretning. Det har ikkje kome fram noko om spesifikke terrormål, og kjeldene seier at dei framleis går gjennom informasjonen for å avgjere kor truverdige opplysningane er.

Informasjon om moglege terrortruslar aukar ofte i samband med høgtider og store offisielle arrangement, og presidentvalet har lenge vore sett på som «eit attraktivt mål» for terrorgrupper.

Einslege ulvar

Tidlegare denne veka gjekk det ut åtvaringar til lokalt politi over heile USA om at vallokale kan vere mål for såkalla einslege ulvar, personar som ikkje nødvendigvis er knytt til terrororganisasjonar, men som sympatiserer med dei.

Det føderale amerikanske politiet FBI vil ikkje kommentere direkte om lekkasjane til CBS, men seier på generell basis at etterretningsorganisasjonane samarbeider tett med politi og tryggingsteneste for å hindre terrorangrep mot USA.

Hamnestyresmaktene i New York og New Jersey stadfestar overfor Reuters at dei har fått informasjon om mogleg terrorfare i samband med presidentvalet.

Meldingane om nye terrortruslar dagen før presidentvalet kjem i sluttspurten for ein knallhard valkamp, der kandidatane Donald Trump og Hillary Clinton brukar kraftig skyts mot kvarandre.

Kongressen og Senatet overstyrer Obamas veto mot terrorlov

Clinton anklager i epost Saudi-Arabia for terrorstøtte

Frykt for dataangrep

Samstundes er det frykt for dataangrep mot offentlege datasystem i samband med valet, og det er også uttrykt redsle for at Russland eller andre framande makter gjennom hacking av datasystem skal spreie desinformasjon som kan få innverknad på valresultatet.

Fleire delstatar har auka beredskapen før valdagen tysdag 8. november, men ifølgje nyheitsbyrået Reuters har delstatane Ohio, Pennsylvania, Arizona, Wisconsin og Florida gjort det klart at dei ikkje har endra beredskapen i forhold til presidentvalet i 2012.

Hvor stor makt har egentlig presidenten?

Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste nytt