Hopp til innhold

Carter: – Trump ville ikkje ha vore president utan russisk innblanding

Tidlegare president Jimmy Carter (94) seier at Donald Trump ikkje ville ha vorte president i USA, om ikkje han hadde fått hjelp frå Russland.

Tidlegare president Jimmy Carter.

Jimmy Carter meiner Donald Trump ikkje hadde vorte valt til president i USAS, om ikkje Russland hadde blanda seg inn i valkampen.

Foto: Curtis Compton / AP

Jimmy Carter sa dette under ein debatt på hans eige Carter Center i Atlanta i delstaten Georgia i USA i dag. Han sa at ei full etterforsking om kva som skjedde under valet i 2016, ville ha vist at Trump eigentleg ikkje vann.

– Han tapte valet, men han kome til makta ved at russarane greip inn på hans vegner, sa den tidlegare presidenten blant anna.

– Blanda seg inn

Donald Trump

Donald Trump deltek for tida på G20-toppmøtet i Osaka i Japan.

Foto: Susan Walsh / AP

Debattleiar Jon Meacham spurde om det betyr at Carter ser på Donald Trump som ein illegitim president, svarte 94-åringen dette:

– Basert på det eg sa, og det kan eg ikkje gå tilbake på.

– Det er ingen tvil om at Russland blanda seg inn i valet. Og eg trur denne innblandinga, sjølv om ho ikkje er talfesta, ved ei grundig etterforsking vil det vise seg at Donald Trump ikkje vann valet i 2016. Han tapte, og han vart president med russisk hjelp, sa Jimmy Carter.

Dei amerikanske etterretningstenestene har ikkje funne bevis for at russisk innblanding hjelpte Donald Trump til Det kvite hus.

Mueller-rapporten

Spesialrådgjevar Robert Mueller.

Rapporten frå Robert Mueller slo fast at Russland hacka E-postkontoar tilhøyrande Det demokratiske partiet, pluss stod bak desinformasjon på sosiale medium.

Foto: Jim Bourg / Reuters

Ein rapport frå spesialrådgjevar Robert Mueller viste likevel at Russland hadde gjort to forsøk på å blande seg inn i den amerikanske valkampen. Først gjennom hacking av E-postkontoar som høyrde til Det demokratiske partiet.

I tillegg gjekk det fram av Mueller-rapporten at Russland stod bak spreiing av desinformasjon på sosiale medium. Mueller har likevel vore klar på at det ikkje er mogleg å ta ut tiltale mot Trump.

Deanna Conglieo, talskvinne for Carter Center, sa fredag kveld norsk tid at Jimmy Carter ikkje var tilgjengeleg for ytterlegare kommentarar.

Donald Trump har heile tida avvist skuldingar om at presidentvalet i 2016 vart påverka av russisk innblanding.

Presseveteran Bob Woodward: – Noen journalister mobber Trump

Mueller går med på åpen høring om Russland-etterforskningen

SISTE NYTT

Siste nytt