Hopp til innhold

Canadisk regjeringsmedlem trekkjer seg etter skandale

Nok eit medlem av den canadiske regjeringa trekkjer seg. Jane Philpott seier at ho ikkje lenger har tillit til statsminister Justin Trudeau si handtering av ein korrupsjonsskandale.

Justin Trudeau

Nok eit medlem har gått ut av statsminister Justin Trudeau si regjering.

Foto: Ryan Remiorz / AP

– Eg er nøydd til å handle i samsvar med mine eigne verdiar og det etiske og konstitusjonelle ansvaret eg har, seier Jane Philpott, som leier den canadiske regjeringa sitt budsjettkontor.

– Eg har komme fram til at eg må trekkje meg som regjeringsmedlem. Det kostar å følgje prinsippa sine, men det kostar meir å ikkje gjere det, seier ho.

CANADA-POLITICS/SNC-LAVALIN

Jane Philpott seier ho ikkje lenger kan forsvare regjeringa.

Foto: Patrick Doyle / Reuters

– Urimeleg press

Bakgrunnen for saka er at statsminister Justin Trudeau og dei nære medarbeidarane hans blir skulda for å ha prøvd å stanse ei korrupsjonssak.

Det canadiske ingeniørselskapet SNC-Lavalin blei i 2015 sikta for å bestikke tenestepersonar i Libya i perioden 2001–2011 for å sikre seg lukrative kontraktar.

Dei canadiske avisene The Globe og Mail har dei siste vekene komme med avsløringar om at Trudeau-regjeringa har utsett den tidlegare justisministeren for urimeleg press. Målet skal ha vore å få til eit forlik med SNC-Lavalin utanfor rettsvesenet for å unngå at canadiske arbeidsplassar skulle gå tapt.

Canada Trudeau

Jody Wilson-Raybould trekte seg frå regjeringa i februar.

Foto: Adrian Wyld / AP

Justisministeren gjekk av

Tidlegare justisminister Jody Wilson-Raybould sa under ei høyring i justiskomiteen i den canadiske nasjonalforsamlinga i februar at Trudeau og folka rundt han sette henne under press for å gripe inn i rettsforfølginga av SNC-Lavalin.

Jody Wilson-Raybould blei i januar flytta til ei anna stilling, og ho trekte seg frå regjeringa ein månad seinare.

Litt etter dette trekte også rådgjevaren seg. Han er ein gammal venn av statsministeren.

No har altså nok eit regjeringsmedlem sagt takk for seg,

Statsminister Justin Trudeau seier han er skuffa, men at han forstår avgjerda.

Opposisjonen krev at statsministeren går av, men Trudeau nektar sjølv for å ha gjort noko gale.

Fleire meiningsmålingar viser at Trudeau sin popularitet er på veg ned. I oktober går Canada til val.

SISTE NYTT

Siste nytt