Hopp til innhold

Camilla skal bli dronning, seier dronning Elizabeth

Storbritannias dronning Elizabeth vil at hertuginne Camilla får dronning-tittel når prins Charles ein dag blir konge.

Prins Charles og hertuginne Camilla i Cornwall 3 februar 2022

Prins Charles og hertuginna Camilla var denne veka på besøk i Cornwall.

Foto: PETER CZIBORRA / Reuters

Det er mitt «inderlege ønske» at Camilla blir kjend som dronning når Charles tek over, skriv dronninga i eit brev i samband med markeringa av dei 70 åra ho har sete ved trona.

Avgjerda vil forme framtida til det britiske kongehuset. Når Charles blir konge, vil Camilla bli krona ved sida hans.

Takka for lojalitet og kjærleik

– Eg vil bruke høvet til å takke dykk alle saman for all støtta. Eg er evig takksam for lojaliteten og kjærleiken de held fram med å gje meg, skriv dronninga.

– Og når mi tid er over og son min Charles blir konge, veit eg at de vil gi han og kona hans Camilla den same støtta som de har gitt meg. Og det er det inderlege ønsket mitt, når den tida kjem, at Camilla blir kjend som dronning når ho held fram med å tene kongehuset, skriv den 95 år gamle monarken vidare.

Dronning Elizabeth og hertuginne Camilla

Dronning Elizabeth og hertuginne Camilla opptredde saman under ein lunsj i juni i fjor.

Foto: Oli Scarff / AP

Det var frå før venta at Camilla ville få tittelen «Princess Consort»– prinsessegemalinne – når Charles blir konge.

Ektefellane til regjerande britiske kongar har tidlegare vore omtalte som «Queen Consort», ein tittel som dronning Elizabeth no opnar for at Camilla òg får.

Charles og Camilla i Skottland i 2004, året før de gifta seg

Charles og Camilla i Skottland i 2004, året før dei gifta seg.

Foto: JEFF J MITCHELL / Reuters

Ein talsperson for prins Charles seier at paret er rørte og beæra over meldinga frå dronninga.

Nærma seg folket

Avgjerda synest å løyse opp ei floke som har hengt over det britiske kongehuset sidan Charles skilte seg frå den svært populære prinsesse Diana.

For fleire i Storbritannia tok det mange år å tilgje Charles for utruskapen mot Diana som døydde i ei bilulykke i Paris i 1997.

Men opinionen mildna då Charles gifta seg med ungdomskjærasten Camilla Parker Bowles i 2005, og ho vart hertuginne av Cornwall.

Sjølv om Camilla var sentral i at ekteskapet mellom Charles og Diana braut saman, har hennar jordnære veremåte og humoristiske sans etter kvart auka populariteten hennar hos mange britar.

Veremåten hennar har og mjukna dei litt skarpe kantane til ektemannen og gjort at han har blitt oppfatta som meir omgjengeleg mens han har klipt sløyfer og avduka plakettar.

Dei to trefte kvarandre under ein polokamp i 1970. Begge vart etter kvart gifte på kvar sin kant, og begge vart etter kvart skilde, før dei fann saman igjen på 90-talet.

Charles og Camilla i Jordan i november 2021

Charles og Camilla på reise i Jordan i november i fjor. Her er dei fotograferte i den historiske hellensk-romerske byen Umm Qais.

Foto: POOL / Reuters

Sikrar overgang

Ekspertar meiner grepet frå dronning Elizabeth er eit forsøk på å sikre ein glidande overgang til framtida.

– Dette er ein heilt ekstraordinær beskjed. Dronninga sikrar at overgangen, når den kjem, til sonens tid på trona, så saumlaus og problemfri som mogleg, seier BBCs tidlegare kongehus-korrespondent Peter Hunt til nyheitsbyrået Press Association.

– Ho sikrar framtida til ein institusjon ho har tent for 70 år. Og for Camilla er reisa frå den tredje personen i eit ekteskap til dronning in spe komplett, seier han.

SISTE NYTT

Siste nytt