NRK Meny
Normal

Cameron vil ha EU-avrøysting

Storbritannias statsminister David Cameron vil onsdag foreslå å halde folkerøysting om landet skal vere medlem i EU også etter 2015.

Britain's Prime Minister David Cameron leaves Downing Street in London

Storbritannias statsminister David Cameron vil reforhandle vilkåra for britisk EU-medlemskap.

Foto: Neil Hall / Reuters/NTB Scanpix

Dette melder BBC og nyheitsbyrået AFP natt til onsdag. Det har vore knytt stor spenning til Camerons EU-tale onsdag.

Cameron kjem til å seie at han vil reforhandle vilkåra for den britiske EU-medlemskapen, og når eit resultat ligg føre vil det bli lagt fram for det britiske folk.

– Cameron er svak

Ed Miliband

Labour-leiar Ed Miliband kjem med hard kritikk av David Cameron.

Foto: Reuters

Leiar for Labour, Ed Miliband, seier i ein kommentar at forslaget viser at Cameron er svak, og at han er meir oppteken av å gjere enkelte partikameratar nøgde enn av interessene til det britiske folket.

Folkerøystinga vil truleg ikkje bli gjennomført utan at Det konservative partiet vinn neste parlamentsval, og då vil det truleg skjer tidleg i valperioden.

Cameron hadde eigentleg planlagt å halde denne talen sist fredag, men talen vart utsett på grunn av terroraksjonen mot gassanlegget i Algerie og den påfølgjande gisselkrisa.

Lausare tilknyting

Fleire konservative parlamentsmedlemer arbeider for at Storbritannia skal få ei lausare tilknyting til EU, og i denne fløya av partiet blir Camerons tale bli godt motteken.

David Cameron vil i talen sin onsdag gjere det klart at det ikkje blir aktuelt med ei avrøysting no, fordi Europa er i ferd med å endre seg som følgje av den økonomiske krisa i eurolanda.

LES OGSÅ: USA advarer Storbritannia mot å forlate EU

LES OGSÅ: Cameron og Clegg tviholder på «ekteskapet»

LES OGSÅ: Delors: -Storbritannia bør forlate EU

Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste nytt