– Dersom ikkje Putin endrar si haldning til det som skjer i Ukraina, så må europeiske land endre si haldning til Russland, sa Cameron blant anna i ei utanrikspolitisk utgreiing til Underhuset i det britiske parlamentet i ettermiddag.
Cameron kom med sterk kritikk av dei prorussiske separatistane i området det malaysiske passasjerflyet vart skote ned sist torsdag, og han kalla framferda deira for uakseptabel. Han viste til at dei internasjonale granskarane enno ikkje har fått full tilgang til krasjområdet, fire dagar etter nedskytinga av flyet.
– Uverdig behandling
Han skulda dei også for å ha behandla dei døde menneska på ein uverdig måte, og at dei også har plyndra bagasjen som var om bord i flyet.
Han sa også at alt tyder på at det malaysiske passasjerflyet vart skote ned av dei prorussiske separatistane
Han gjorde det klart at Storbritannia no forventar at Putin brukar sin innverknad på dei prorussiske separatistane til å sikre full tilgang til krasjstaden. Han kravde også at Russland stansar leveransane av våpen og anna materiell til opprørarane.
– Harde sanksjonar
Den britiske statsministeren sa at dette var einaste måten at forholdet mellom Russland og Ukraina, samt forholdet mellom Russland og vestlege land, kan normaliserast.
Dersom ikkje Putin og Russland endrar kurs, så vil EU vurdere harde økonomiske sanksjonar mot landet.
– Russland kan ikkje vente at dei skal ha full tilgang til europeiske marknader, kapital og teknisk ekspertise, samstundes som landet fyrar opp om konflikten i Ukraina, sa Cameron blant anna.
LES OGSÅ:
LES OGSÅ:
Støttespelarar og oligarkar
Han sa at nære støttespelarar av Putin og oligarkar rundt presidenten vil bli ramma av harde sanksjonar, om ikkje Russland endrar politikk.
Cameron kom også inn på dei franske planane om å selje Mistral marinefartøy til Russland.
– Dette ville vere totalt utenkjeleg for Storbritannia. Ikkje noko EU-land bør selje militært utstyr til Russland etter det som har skjedd i Ukraina, sa statsministeren i utgreiinga til Underhuset.
Russiske styresmakter slo i dag tilbake mot kritikken frå vestlege land, og forsvarssjefen i landet la fram det han sa var bevis for at av det malaysiske passasjerflyet
i tida då det vart skote ned.Også statsminister Vladimir Putin åtvara i dag mot å
om kva som eigentleg skjedde i det austlege Ukraina torsdag.LES OGSÅ:
– Kan bli dyrt for Russland
Også USAs president Barack Obama oppmoda i ettermiddag Vladimir Putin og Russland om å endre politikken landet fører i Ukraina. Han bad Putin om å sørgje for at separatistane aust i Ukraina ikkje hindrar etterforskinga av nedskytinga av det malaysiske passasjerflyet, og at dei samarbeider med etterforskarane.
Han stilte også spørsmål om kva dei prorussiske separatistane har å skjule, sidan dei har hindra etterforskarane å kome til krasjområdet.
– Dersom Russland held fram med å støtte separatistane, vil dei ytterlegare isolere seg sjølve. Det kan bli dyrt for Russland, sa den amerikanske presidenten blant anna.
Obama sa også at han framleis vil arbeide for å finne ei fredeleg løysing på det som skjer i Ukraina, og at han trur det er mogleg å få til.