Hopp til innhold

Marihuanafabrikkar får grønt lys i California

Lokale styresmakter i California har gjeve klarsignal til bygginga av fire store marihuanabutikkar i den amerikanske delstaten.

Marihuana

California var ein av dei første delstatane til å vedta medisinske marihuanalovar i 1996. Tretten andre amerikanske delstatar har følgd i solskinstaten sine fotspor.

Foto: Jean Francois FREY / PHOTOPQR/L'ALSACE

Dei lokale styresmaktene i byen Oakland i California har gjeve grønt lys til bygginga av fire store marihuanafabrikkar.

Det er selskapet Agramed som no er på veg til å få løyve til å starte produksjon av marihuana i Oakland. Avgjersla må vedtakast ein andre gong for å verta endeleg.

Marihuana på resept

Agramed vil byggje om fire tomme industrilokale for å dyrka marihuana under kunstig belysning.

Det er i dag lov å bruke marihuana i California om ein har resept på det frå doktor. Lækjarar har føreskrive marihuana for ei rekkje sjukdommar, inkludert Alzheimers, diabetes, multippel sklerose og Tourettes syndrom.

I november skal det haldast folkeavstemming om full legalisering. Føderal lovgjeving derimot, har framleis eit forbod mot marihuana.

Stadig fleire

California var ein av dei første delstatane til å vedta medisinske marihuanalovar i 1996. Det medførte at stoffet i ettertid kunne dyrkast og selgjast for medisinsk bruk. Tretten andre amerikanske delstatar har følgd i solskinstaten sine fotspor.

Fleire andre statar har planar om å legalisere medisinsk bruk av marihuana .

(NTB)

SISTE NYTT

Siste nytt