Hopp til innhold

Byste-krangel på Ronaldo-flyplassen

Mange har reagert på ei byste av Cristiano Ronaldo på flyplassen i heimbyen Funchal på Madeira. No er bysta erstatta av ei ny, men det har også vekt sterke protestar.

Bystene av Cristiano Ronaldo.

Leiinga ved flyplassen i Funchal på Madeira har bytta ut den opphavlege bysta (t.h.) av Cristiano Ronaldo med ei ny (t.v.).

Foto: Francisco Leong Helder Santos / AFP

Det var i mars fjor at den internasjonale flyplassen på øya skifta namn til Cristiano Ronaldo Madeira International Airport. I samband med namneendringar vart det avduka ei byste av bronse av Ronaldo, som fleire gonger er kåra til den beste fotballspelaren i verda.

Antonio Costa Marcelo Rebelo de Sousa (Ronaldo)

Ronaldo poserte saman med den omstridde bysta under seremonien på flyplassen 29. mars i fjor.

Foto: Armando Franca / AP

Bilethoggaren Emanuel Santos, også han frå Madeira, stod bak kunstverket, men ikkje alle var like nøgde med resultatet. Det kom inn mange klager på at kunstverket ikkje likna på Ronaldo. Ifølgje BBC var det fleire som meinte at bysta likna meir på Niall Qinn, tidlegare kaptein på det nord-irske fotballandslaget.

Skeivt smil

Kunstnaren har prøvd å fange det litt skeive smilet til Ronaldo, men ifølgje mange av klagarane var det lite vellukka. Sjølv er Santos såra over kritikken, og han seier at det har med smak og behag å gjere om ein likar bysta eller ikkje.

Laster Twitter-innhold
Laster Twitter-innhold

Sist fredag, dagen då Cristiano Ronaldo skåra tre mål for Portugal i VM-kampen mot Spania, vart bysta skifta ut. Det skjedde i samarbeid med CR7-museet på Madeira, eit museum som er vigd til nettopp den 33 år gamle fotballguden. CR er initialane i namnet hans, medan sjutalet er draktnummeret.

CR7 er også namnet Ronaldo brukar som merkevare på produkta han marknadsfører.

Tidlegare fredag vart han også dømt til to års fengsel på vilkår og ei bot på 175 millionar kroner for skattesnusk.

Vil ha tilbake den gamle

Men ikkje alle er nøgde med at bysta til Emanuel Santos no er fjerna. Det er sendt inn ei offisiell klage med krav om at den gamle bronsebysta må tilbake til flyplassen. I klagen heiter det blant anna at bysta alt er ein stor attraksjon for Madeira, og at initiativtakarane ikkje aksepterer at ho er fjerna.

Dessutan er den nye ikkje meir lik Ronaldo enn den første, meiner klagarane.

Laster Twitter-innhold

SISTE NYTT

Siste nytt