Hopp til innhold

Byr på kyr, geiter og sauer mot presidentdottera

Felix Kiprono i Kenya har eit godt auge til presidentdottera Malia Obama. Men metoden han har planlagt for å vinne hennar gunst, er litt utanom det vanlege i USA.

Malia og Sasha Obama i Sør-Afrika

Malia Obama har ein beundrar i Kenya. Her i lag med søstera Sasha Obama ved ei tidlegare anledning.

Foto: POOL / Reuters

– Folk kan seie eg er ute etter pengane til familien. Men det er ikkje tilfelle, dette er ekte kjærleik, seier advokat Felix Kiprono til avisa The Nairobian.

Kiprono har eit godt auge til 16 år gamle Malia Obama, dottera til presidentparet Barack og Michelle Obama. Så forelska er han, at han har fått heile familien sin med på spleiselaget.

Byr 50 kyr, 70 sauer og 30 geiter

Han hevdar overfor avisa at han har vore trufast mot sin utkåra heilt sidan han oppdaga henne. Og bodet? 50 kyr, 70 sauer og 30 geiter.

– Eg vart interessert i ho i 2008, seier han. Faktisk, så har eg ikkje hatt fast følgje sidan, og lova å vere trufast mot henne. Eg har delt dette med familien min og dei er villige til å hjelpe meg med å skaffe dyra, seier han.

Han arbeider for tida med eit brev der han skal legge fram sine hensikter og har planar om å gi dette til den amerikanske ambassaden i Nairobi.

Ifølgje CNN har bodet frå Kiprono ein verdi på 90 000 amerikanske dollar.

– Eg kan tilby henne eit enkelt liv. Eg vil lære Malia korleis ein mjølkar ei ku og lagar lokale rettar, fortel han til avisa.

SISTE NYTT

Siste nytt