NRK Meny
Normal

Bygning kollapsa i Philadelphia

To personar omkom etter at ein bygning kollapsa i Philadelphia i USA. 11 andre er sendt til sjukehus.

Jordan McCullough ble vitne til at bygningen kollapset i Philadelphia.

Sjå video: Augevitne fortel om bygningskollapsen.

Bygningskollaps i Philadelphia

Bygningskollaps i Philadelphia.

Foto: Les Carpenter / Yahoo Sports!

Ein fire etasjars bygning kollapsa i krysset mellom 22nd og Market street i sentrum av den amerikanske byen Philadelphia.

To personar var lenge fanga i massene, og rett etter klokka 20 norsk tid vart dei stadfesta omkomne, melder avisa Philly Inquirer.

Elleve andre personar vart tidlegare henta ut frå bygningsmassen og sendt til sjukehus, melder politiet.

– Me har lokalisert dei, og me kjem til å halde fram til me får dei ut og får frakta dei til sjukehuset, seier brannsjef Lloyd Ayers til CNN.

Ordføraren i Philadelphia, Michael Nutter, sa seinare at dei ikkje veit heilt sikkert om det er fleire personar fanga i ruinene.

Ifølgje brannvesenet sa tidlegare at mellom åtte og ti personar vere fanga under bygningsmassene. Det er førebels uvisst om det er desse som er henta ut av bygningen.

– Eg forsøkte å dra folk ut. Me klarte å dra ut to personar. Det var rundt 4-5 personar som vart funnen i løpet av dei første ti minuttene, fortel Jordan McCullougg som vart vitne til at bygningen kollapsa.

Nødetatane er på staden og jobbar med å finne dei som er fanga.

Politiet i Philadelphia seier at det sannsynlegvis er snakk om ei ulukke i samband med rivningsarbeid.

Bygningskollaps i Philadelphia

Helikopterbilete viser korleis det ser ut etter at bygningen kollapsa.

Foto: Reuters

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.

Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste nytt