Verst ramma hittil er Indiana. Fleire byar er sette under vatn etter kraftige stormar, tornadoar og rekordstore mengder med nedbør.
Byen Paragon er sterkt ramma. Fleire hundre hus er under vatn, og redningsmannskapa brukar båtar for å berge folk frå husane sine.
Båt er einaste måten å kome seg fram på.
Situasjonen er særleg ille sør for storbyen Indianapolis. Elva White River går over breiddene sine, og i løpet av få dagar kan flaumen bli verre enn storflaumen i 1913, og det er nesten 100 år sidan.
Det varsla meir regn iallefall fram til måndag, og styresmaktene i delstaten har organisert fleire provisoriske leirar for folk som må flytte frå heimane sine.
Fleire hundre menneske er evakuerte, men talet stig time for time, blir det opplyst.
Guvernøren Mitch Daniels sitt kontor opplyser at ein person er meldt død i uveret, og at fleire er skadde. Guvernøren har erklært 59 fylke i Indiana for katastrofeområde.
Også i Illionois har uveret gjort stor skade.Utanfor Chicago herja ein kraftig tornado i går, og fleire hus vart øydelagde. Uveret reiv ned kraftleidningar, og store lastebilar vart slengde rundt.
Fleire stader i Midtvesten ligg mange vegar under 60 centimeter med vatn.