Hopp til innhold

By reinska for libyske opprørarar

Gaddafi-tru styrkar har søndag «reinska» den strategiske oljebyen Brega fullstendig for oppørarar. No står Benghazi for tur.

Libya

Opprørssoldatane i Brega måtte omsider gje etter for presset frå regjeringsstyrkane, som den siste tida har angripe byen både frå lufta og på bakken.

Foto: GIANLUIGI GUERCIA / Afp

Regjeringsstyrkane har vore på offensiven den siste tida, og atterobrar stadig nye område frå regimekritikarane som har hatt kontrollen i austlege delar av Libya.

Byen Brega har den siste tida vore offer for kraftig bombing. Etter kraftige granatåtak søndag føremiddag melder statleg fjernsyn at Gaddafi sine soldatar har lukkast med å ta tilbake kontrollen i området.

– Det libyske folk treng hjelp. Me er i fare. Aust-Libya er i
fare, seier Abdel Hadi Omar, som frivilleg kjempar med opprørarane
i byen Ajdabiyah, til Reuters.

– Kan ikkje hanskast med Gaddafi

En AFP-journalist var søndag morgon vitne til at fleire titals opprørarar trekte
seg ut av kystbyen.

Dei blei observerte langs kystvegen, og var på veg mot Ajdabiyah, som ligg om lag 80 kilometer unna, Ajdabiyah er inngangsporten til dei strategiske opprørsstyrte byane.

– Det libyske folk kan ikke hanskast med Gaddafi sine våpen. Me har
folk, men me har ikkje midlene, sier Omar.

Gaddafi sine menn har også vunne tilbake kontrollen i byen Uqayla og landsbyen Bisher rundt 20 kilometer frå Brega i tillegg til kystbyen Ras Lanuf.

Slutt på «sabotasjen»

Det er sett ein stoppar for «sabotasjen» ved libyske oljehamner, melder statleg fjernsyn i Libya.

Arbeidet ved oljeterminalane er søndag i gang igjen, og eksporten til utlandet kan starta, ifølgje det nasjonale oljeselskapet i Libya.

– Libyske oljeterminalar er trygge. Alle tilsette må returnera til jobbane sine ved alle oljeinstallasjonar. Og me ber utanlandske selskap om å senda tankskipa sine for å lossa og lasta, heiter det i fjernsynsmeldinga.

Raudekrossen sender skip

Den internasjonale Raudekrossen-komiteen (ICRC) har søndag sendt eit skip med mat og medisinar til den opprørsstyrte byen Benghazi.

Sju lastebiler fylt med naudhjelp er om bord i skipet som sigla ut frå hamnebyen Aqaba i Jordan i dag, ifølgje NTB.

– ICRC kjem til å senda ytterlegare ti lastebilar med hjelp til Benghazi 16. og 18. mars, melder det statlege nyheitsbyrået Petra.

FN-utsending Rachid Khalikov kom til hovudstaden Tripoli laurdag for å møta libyske tenestemenn i forsøk på å overbevisa dei om å gje humanitære hjelpeorganisasjonar betre tilgjenge til Libya.

SISTE NYTT

Siste nytt