Hopp til innhold

Russisk by råka av «uvanleg» tornado

Tornadoar er eit uvanleg fenomen i den russiske Amur-regionen. Men søndag fekk både folk og bygningar i området kjenna harmen til eit kraftig eksemplar.

Video Tornado i Russland

Skypumper er ikkje kvardagskost i den russiske Amur-regionen.

Ein mann er drepen og minst 28 personar er skadde etter skypumpa som sveipte over byen Blagoveshchensk.

– Tornadoar er eit ekstremt sjeldant fenomen i vår region, seier Denis Kozlov, ein talsann for dei lokale styresmaktene.

Tok med seg bilar og tak

Blagoveshchensk ligg i Amur-regionen på grensa til Kina, 8000 kilometer aust for Moskva.

I tretten minuttar herja tornadoen vilt i området, ifølgje AFP. 150 tre vart rivne opp med røtene. I tillegg vart 150 bilar kasta over ende og meir enn hundre tak røska av bustader og andre bygningar.

Straumnettet fekk også gjennomgå, og 10 000 menneske er no utan straum. Ifølgje styresmaktene har tornadoen gjort skadar for meir enn 16 millionar norske kroner.

Lovar hjelp til heimlause

Guvernøren i området lovar no at alle som har fått hus øydelagde av tornadoen skal få økonomisk støtte til å byggja opp att heimane sine.

Måndag har styresmaktene sett 200 arbeidarar og fleire titals bulldosarar og heisekranar i sving for å rydda opp att etter øydeleggingane.

Det er ikkje meldt om skadar etter tornadoen i kinesiske grensebyar.

SISTE NYTT

Siste nytt