Hopp til innhold

Hårfin siger for Buttigieg i Iowa – kalddusj for Biden

Det vart ein knipen siger for Pete Buttigieg framfor Bernie Sanders i nominasjonsvalet i Iowa etter at alle stemmene er talte opp – tre dagar på overtid.

Pete Buttigieg på valgmøte i Merrimack i New Hampshire i USA 07022020

VINNAR: Torsdag kveld var Iowa-vinnaren Pete Buttigieg på valmøte i Merrimack. Buttigieg og dei andre demokratiske presidentkandidatane er godt i gang med valkampen i New Hampshire.

Foto: WIN MCNAMEE / AFP/NTB Scanpix

Når 100 prosent av stemmene er talte opp, har Buttigieg sikra seg 26,2 prosent av delegatane. Berre 0,1 prosentpoeng framfor Bernie Sanders.

– Dette er fantastiske nyheiter. Først av alt ønsker eg å seie at det er openbert at senator Sanders og hadde ein bra kveld, og eg gratulerer han og støttespelarane hans, seier Buttigieg til CNN.

Kaotisk oppteljing

Nominasjonsvalet vart utført måndag, men det endelege resultatet har vore forseinka på grunn av tekniske problem med ein app.

Nyheitsbyrået Reuters skriv at Buttigieg vann Iowa, men fleire andre amerikanske medium, mellom andre nyheitsbyrået AP, har vald å ikkje kåre ein vinnar enno. New York Times skriv at det er uavgjort mellom dei to.

Bernie og Warren-dukker til salgs i Concord i new Hampshire

SUVENIRAR: Bernie og Warren-dokker står for sal i ein butikk i Concord i New Hampshire i USA.

Foto: JOSEPH PREZIOSO / AFP/NTB Scanpix

Årsaka til dette er at dei tekniske berekningane av talet på stemmer og delegatar er kompliserte, og at marginane er svert små. I tillegg, skriv AP, skal det vere bevis for at Demokratane ikkje har ført opp alle resultata frå torsdag på korrekt måte.

Sjølv om desse resultata skulle være riktige, har Demokratane sin partileiar Tom Perez krevd ein gjennomgang av alle resultat.

Bernie Sanders i New Hampshire 06022020

HAKK I HÆL: Senator Bernie Sanders gestikulerer under ein pressekonferanse i hovudkvarteret sitt i New Hampshire torsdag kveld.

Foto: Pablo Martinez Monsivais / AP/NTB Scanpix

Sanders seier til CNN at han ikkje kommer til å kreve ny opptelling i Iowa.

– Vi har fått nok av Iowa. Eg trur vi bør ha fokus på New Hampshire no, seier han.

Kalddusj for Biden

Elizabeth Warren fekk 18 prosent av delegatane, medan Joe Biden fekk 15,8 prosent – noko som blir sett på som ein kalddusj for den tidlegare visepresidenten

Elizabeth Warren på valgmøte i Derry i New Hampshire torsdag 06022020

Elizabeth Warren på valgmøte i Derry i New Hampshire torsdag.

Foto: Matt Rourke / AP/NTB Scanpix

Dei demokratiske kandidatane har frist fram til midt på dagen fredag lokal tid til å legge inn krav om ny stemmeavlegging eller omtelling, skriv CNN.

Medan Sanders og Buttigieg ser mot neste runde med vind i seila, erkjenner valkampane til både Joe Biden og senator Elizabeth Warren at dei står overfor utfordringar.

Joe Biden etter et valgmøte i Somerset i New Hampshire onsdag.

BABY-SELFIE: Joe Biden tok en selfie med ein veljar etter eit valmøte i Somerset i New Hampshire onsdag.

Foto: RICK WILKING

Nominasjonsvalet i New Hampshire tysdag 11. februar er det neste i kampen for dei som kjempar om å bli presidentkandidaten til Demokratane.

Deretter følgjer nominasjonsval i delstat etter delstat før det demokratiske partiet peikar ut sin endelege kandidat på landsmøtet i juli.

Det nasjonale valet skjer ikkje før i november.