NRK Meny
Normal

Bush senior forsvarar sonen i ny biografi

Dick Cheney og Donald Rumsfeld var maktsjuke og arrogante rådgjevarar som øydela for sonen. Det meiner George Bush senior i ein ny biografi.

Bush Parachute Jump

Far og son. Begge var presidentar og dei førte kvar sin Irak-krig.

Foto: Robert F. Bukaty / AP

Sjølvbiografien kjem i bokhandlane i USA neste veke. Her tek Bush den eldre for første gang bladet frå munnen og forsvarar sonen, som hadde gjort seg til ein av dei meir upopulære amerikanske presidentane.

LES: Bush sa takk for seg

Invasjonen av Irak, Guantánamo Bay og handteringa av orkanen Katrina i New Orleans. Lista er lang over saker som gjorde president Bush junior omstridd.

BUSH

Dick Cheney og Donald Rumsfeld blir skulda for å ha skapt for mykje hybris i Det kvite hus.

Foto: PABLO MARTINEZ MONSIVAIS / Ap

Cheney var «hardliner» og Rumsfeld var «arrogant»

Ifølgje New York Times meiner Bush senior at det først og fremst var visepresident Dick Cheney og Donald Rumsfeld som har skulda for problema.

Han meiner Cheney var ein «hardliner» som pressa på for bruk av militærmakt i Midt-Austen, og Rumsfeld var ein «arrogant fyr»

– Cheney endra seg mykje etter 11. september, han vart mykje meir «hardline», og heilt annleis enn den Dick Cheney eg kjende og arbeidde saman med.

– Rumsfeld mangla audmjukskap, han mangla evna til å sjå andre sine synspunkt. Han skulle ordne opp, koste kva det koste ville.

Både Cheney og Rumsfeld tente presidenten på ein dårleg måte, meiner Bush senior. Men han legg til at sonen sjølvsagt kunne ha valt å sjå vekk frå råda deira.

– «Vondskapens akse»-talen lite hjelpsam

BUSH 2000

George W. Bush hauste mykje kritikk for sin stil på talarstolen.

Foto: ROBERT F. BUKATY / AP

Som eit eksempel trekk Bush fram den kontroversielle talen som sonen haldt om «vondskapens akse» i 2002, der han stempla Irak, Iran og Nord-Korea som røvarstatar.

– Du går tilbake til vondskapens akse, og alle desse tinga, så tenkjer eg at historia vil vise at dette ikkje var spesielt hjelpsamt, seier Bush den eldre i boka.

Samtidig støttar han at sonen invaderte Irak.

– Fjerninga av Saddam Hussein var eit stolt augneblink i amerikansk historie.

Ei lang karriere

Biografien er ført i pennen av Jon Meacham, og baserer seg på intervju med hovudpersonen og kona Barbara, samt dagbøker.

Boka tek for seg den rikhaldige karrieren til Bush senior, som inkluderer ein presidentperiode, to visepresidentperiodar under Ronald Reagan og eit års teneste som CIA-direktør.

91 år gamle Bush kan sjå tilbake på ei respektabel karriere, og eit ettermæle som veks med åra.

Kontrasten er stor til sonen, som ofte blir latterleggjort for sine klossete talar.

Ein son til vil bli president

Boka kjem ut samtidig som son nummer to prøver å gjere seg gjeldande i amerikansk politikk.

Jeb Bush kjempar i motvind for å bli nominert som republikanarane sin presidentkandidat.

Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste nytt