Ei gruppe som kallar seg "Patruljebåt-veteranar for sanninga", leidd av ein forretningtsmann frå Texas, står bak ein reklamekampanje på amerikansk fjernsyn der presidentkandidaten for Det demokratiske partiet, John Kerry, sin krigsinnsats i Vietnam blir sterkt trekt i tvil.
George W. Bush meiner John Kerry kan vere stolt over krigsinnsatsen sin. (Foto: AFP/Scanpix)
Purple Heart
Fleire Vietnam-veteranar som tenestegjorde samstundes med Kerry seier i reklameinnslaga at Kerry ikkje gjorde seg fortent til Purple Heart-utmerkingane han fekk. Blant anna blir det sagt at det ikkje vart skote mot patruljebåten Kerry hadde komandoen på, den dagen han skal ha berga livet til fleire medsoldatar.
George W. Bush har sagt at han ikkje har noko med kampanjen å gjere, medan Kerry har sagt at det kan vere eit visst samband mellom dei som betalar for reklameinnslaga og Bush sin kampanje for attval.
Stolt
I kveld sa altså president George W. Bush at det er grunn til å sjå opp til Kerry for den innsatsen han gjorde under Vietnam-krigen, og at han kan vere stolt over innsatsen sin.
Bush sa at kampanjen mot Kerry må stansast, og han bad også om at andre reklamekampanjer betalte av uavhengige, må stansast.
Bush møtte pressa etter eit møte med dei næraste tryggingsrådgjevarane sine i kveld norsk tid. Det var situasjonen i Irak som vart diskutert på møtet.
Nektar
Leiinga i kampanjen for attval av George W. Bush gjekk i dag hardt ut mot John Kerry sine utsegner om at det er band mellom svertekampanjen mot han og Bush-kampanjen.
- Det er fullstendig feil at vi har noko med gruppa som angrip John Kerry i denne reklamekampanjen å gjere, skriv kampansjeleiaren i eit brev som vart publisert i dag