Klokka tre i natt held George W. Bush sin årlege tale om rikets tilstand, "the state of the union". Talen blir halden i Kongressen i Washington, og sendt direkte på fjernsyn til det amerikanske folk og resten av verda.
Stipendiat Hallvard Notaker (29) ved Forum for samtidshistorie ved Universitetet i Oslo har spesialisert seg på amerikansk politikk, og arbeider med eit forskingsprosjekt om norsk og amerikansk valkamp dei siste 30 åra, med fokus på påverknaden frå USA i måten vi driv valkamp på i Noreg.
Splitta folk
Han meiner at eit spenningsmoment ved talen er om Bush vil prøve å vere forsonande. Presidenten må leve med det faktum at USA er djupt splitta. Halvparten av innbyggjarane elskar Bush, medan den andre halvparten meiner han er ei ulukke for landet.
- Det blir interessant å sjå om han i talen vil snakke til sine eigne, eller om han vil rekkje ut ei forsonande hand også til motstandarane, seier han. Og legg til at Bush hittil har vist lite teikn til å vere samlande president.
- Det er ikkje knytt så stor spenning til denne talen som til dømes i fjor, då det var valår. No har Bush nettopp halde sin innsetjingstale for den andre perioden sin i Det kvite hus, så det blir truleg ikkje like mykje merksemd rundt denne talen, seier Hallvard Notaker.
Forpliktande
Det er likevel nok av viktige ting å ta opp, seier han. Der innsetjingstalen var prega av visjonar for dei neste fire åra, om korleis USA skal eksportere fridom til resten av verda, må "state of the union"-talen vere langt meir handfast, og meir forpliktande.
- I denne talen må han vere meir konkret. Han må seie noko om korleis det går i Irak, men det er lite truleg at han vil leggje fram ein offisiell timeplan for når dei amerikanske styrkane skal trekkjast ut, seier Notaker.
Eit anna tema Bush vil måtte seie noko om, meiner Notaker, er dei ambisiøse planane han har for endringar i pensjonssystemet. Han vil ha meir av pensjonane over på private hender, og dette har møtt sterk motstand, også blant eigne partifeller i Kongressen.
- Det er vanskeleg å selje ideen om eit nytt pensjonssystem i ei tid når dollaren er svært svak, og budsjettunderskotea er dei største nokon gong.
Økonomisk rot
- Det er ingen tvil om at Bush har rota til den amerikanske økonomien. Han har både brukt meir pengar, og gitt betydeleg skattelette. Det er vanskeleg å sjå korleis han skal greie å halvere underskotet på fire år, slik han lova i
valkampen.
Hallvard Notaker meiner det er eit poeng at Bush kan oppleve at Republikanarane i Kongressen ikkje vil vere så lojale som i hans første presidentperiode. Dei veit at dette er hans siste periode, og at visepresident Dick Cheney ikkje blir partiet sin presidentkandidat i 2008.
- Dette gjer at mange er avventande, og meir skeptiske til å støtte presidenten i eitt og alt. Dette kan bli ei utfordring for Bush, seier Notaker.
Verdispørsmål
Notaker ventar at Bush vil seie noko om verdispørsmål i talen. Her er saker som abort, offentlege pengar til familieplanlegging, dei homofile sine rettar omfatta med stor interesse. Mange av dei som røysta på Bush er svært opptekne av desse spørsmåla, og dei ventar å få noko om dette.
Elles vil amerikansk presse vere på jakt etter detaljar i talen som i utgangspunktet ikkje var meint å vere viktig, men som kan innehalde politisk sprengstoff eller kontroversielle synspunkt.
- Eit eksempel på dette er talen der Bush brukte uttrykket "the axes of evil", vondskapens akse, der han viste til land som Iran og Nord-Korea, seier Notaker.
Mottaking
Interessant blir det også å sjå kva mottaking Bush får av kongressrepresentantane når han kjem inn i salen for å halde talen. Tradisjonelt er det slik at alle klappar og jublar når presidenten kjem inn.
- Dette såg vi tydeleg dei par første åra etter 11. september. Men dei siste par åra har Demokratane teke mot Bush på ein heller kjøleg måte når han har kome for å halde "state of the union"-talen. Dette vil seie ein del om samarbeidsklimaet mellom Kongressen og Det kvite hus dei komande fire åra, seier han.

Frå "state of the union"-talen til George W. Bush i Kongressen i fjor. (Foto: AP/Scanpix)