Presidenten fotografert med meir normal mat på tallerken. (Foto: Larry Downing / Reuters / Scanpix)
Det er avisa Washington Post som krafsar i president-omdømet etter turen til den irakiske hovudstaden.
Der dukka den amerikanske presidenten opp i ein messehall på sjølvaste Thanksgiving-dagen for å helse på troppene.
Rydda framsidene
Under det to og ein halv timar lange besøket greip presidenten eit stort fat med ein flott, gyllenbrun kalkun, og fotografen frå byrået AP var straks på pletten.
Biletet av den øvstkommanderande som med eit stort smil ber festmåltidet rundt i messehallen, fekk avisene til å rydde framsidene.
Dekorasjon
Dessvere var det snakk om ein dekorasjon, truleg framstilt av plast. Altså noko heilt anna enn dei store mengdene med ekte kalkunkjøt som den amerikanske okkupasjonsstyrken importerer for å tilfredsstille soldatane.
Lynvisitten til Bagdad var likevel nok til å gje George W. Bush eit positivt utslag på meiningsmålingane.
Spørsmål ved truverdet
Men Washington Post-journalist Mike Allen påpeikar at den falske kalkunen på ny reiser spørsmål ved truverdet til Det kvite hus under president Bush.
I artikkelen får han nemnt både dei forsvunne masseøydeleggingsvåpna, og spørsmålet om kven som eigentleg plasserte "Mission Accomplished"("oppdraget fullført")-banneret på hangarskipet "Abraham Lincoln" då presidenten erklærte krigshandlingane i Irak for fullførte.
Relevant
Etter mange spørsmål og innvendingar frå lesarane svara den såkalla ombodsmannen til Washington Post at han framleis ser dekninga deira av saka som relevant.
Men han seier samstundes at dei burde ha overlete til lesarane sjølve å vurdere om ein kunstig kalkun kan rokke ved truverdet til presidenten.