Hopp til innhold

Burma-junta ville kjøpe Man. Utd.

Den burmesiske juntaleiaren Than Shwe var klar til å bruke ein milliard dollar på å kjøpe den engelske fotballklubben Manchester United.

Burmas militærjuntasjef Than Shwe.

Den øvste leiaren for militærjuntaen i Burma, Than Shwe, under ein militær prosesjon i Rangoon.

Foto: ADREES LATIF / Reuters

Manchester United logo

Dette skjedde i ein periode då landet var hardt ramma av den tropiske syklonen «Nargis». Det var barnebarnet til juntaleiaren som hadde uttrykt ynskje om at bestefaren skulle kjøpe favorittklubben hans, melder den engelske avisa The Guardian . Than Shwe har også Manchester United som sitt favorittlag.

Avisa si kjelde er lekkasjar frå Wikileaks .

LES OGSÅ: EU truer Burma

LES OGSÅ: Tilbakeviser ny syklon

«Uakseptabel svak innsats»

Øvste leiaren for militærjuntaen i Burma Than Shwe.

Than Shwe vurderte seriøst å kjøpe Manchester United.

Foto: CHRISTOPHE ARCHAMBAULT / Afp

Than Shwe vurderte alvorleg å leggje inn eit tilbod på Manchester United. Dette skjedde i ei tid då FN og det internasjonale samfunnet kom med sterk kritikk av Burma for ein «uakseptabel svak innsats» for å hjelpe alle dei som var ramma av «Nargis».

I mai 2008 skulda FN burmesiske styresmakter for å hindre at internasjonale forsyningar kom inn i landet etter syklonen «Nargis», som tok livet av rundt 140.000 menneske.

Lekkaksjen frå den amerikanske ambassaden i Rangoon viser at militærjuntaen var villig til å bruke fotball for å gi folk noko anna å tenkje på enn dei politiske og økonomiske problema i landet, heiter det i lekkasjen.

LES OGSÅ: Tiden renner ut i Burma

LES OGSÅ: Nødhjelp når fram til Burma

Millionar til nasjonal liga

Alex Ferguson

Alex Ferguson er manager for Manchester United.

Foto: MOHAMMED DABBOUS / Reuters

Den amerikanske ambassaden i Burma rapporterte til Washington at Than Shwe til slutt konkluderte med at å kjøpe Manchester United kunne verke feil akkurat då.

Det er likevel venta at opplysningane om at juntaen seriøst vurderte å kjøpe fotballklubben, vil gi ny næring til både nasjonal og internasjonal kritikk av regimet.

Då det ikkje vart noko kjøp av Manchester United sprøytte juntaen i staden inn fleire tiltals millionar dollar inn i den burmesiske fotballigaen. Klubbane fekk tilført store pengesummar, og dei fekk ordre om å byggje nye stadionar og importere utanlandske spelarar.

Det høyrer med til historia at barnebarnet til Than Shwe fekk plass på eitt av laga som fekk store overføringar frå juntaen.

LES OGSÅ: Nødhjelp når fram til Burma

LES OGSÅ: Valg i uværsrammede Burma

Kunne ha løyst problema

Samstundes var mange av dei som overlevde syklonen året før framleis huslause, dei mangla reint vatn og utstyr til igjen å livnære seg av fiske og landbruk.

FN og internasjonale hjelpeorganisasjonar har rekna ut at for dei ein milliard dollar, som var den aktuelle prisen på Manchester United, kunne ha løyst problema som syklonen «Nargis» skapte, som matmangel, forureina vatn, mangel på husvære og øydelagd infrastruktur.

Wayne Rooney på Old Trafford

Det er uklart korleis Wayne Rooney og dei andre stjernene på Old Trafford ville ha reagert på den burmesiske militærjuntaen som eigar.

Foto: Andrew Yates / Scanpix/AFP

SISTE NYTT

Siste nytt