Hopp til innhold

Hamna midt i flaumen – Bulgaria-ferien eit mareritt

Ferieturen til Albena på den bulgarske Svartehavskysten vart eit mareritt for to norske barnefamiliar. Taket over resepsjonsområdet på hotellet kollapsa på grunn av dei enorme vassmengdene.

Amatørvideo om opplevingar i Bulgaria.

VIDEO: Sjå Jeanette Tørres sin video frå takkollapsen og den dramatiske bussturen.

Fire vaksne og seks born i alderen frå sju månader til ti år hadde gledd seg til sol og varme i byen Albena, men då dei kom fram natt til tysdag denne veka var det verste uveret området har opplevd i manns minne godt i gang.

Minst 14 menneske har mist livet i flaumen som har ramma denne delen av Bulgaria, men styresmaktene fryktar at talet kjem til å stige ytterlegare. Det har vore enorme nedbørsmengder, og gater har vorte omgjorde til elvar i løpet av kort tid.

– Fullstendig kaos

Hotellgjestar blir evakuerte i Albena.

Turistar blir evakuerte frå hotellet sitt i Albena. Dette er ikkje

Foto: NIKOLAY DOYCHINOV / Afp

Det toppa seg torsdag kveld, fortel Jeanette Tørres. Det var lyn og torever, det bles storm ute. Dei ville ete middag på hotellet dei bur på, Flamingo. Dei prøvde å få seg bord i restauranten i resepsjonsområdet.

Der var det fullt, slik at dei likevel må trekkje utandørs. Då plutseleg, rett etter at dei forlèt resepsjonen, rasar taket over resepsjonsområdet saman, truleg på grunn av dei store nedbørsmengdene. Det raste akkurat der dei hadde stått for kort tid sidan, fortel ho..

– Taket rasa ned på gjestane, og ei kvinne vart så skadd at ho måtte sendast til sjukehus. Det var fullstendig kaos. Det var lyn og toreskrell, lyset blinka, borna skreik og var livredde. Det var ei forferdeleg oppleving, seier Jeanette Tørres.

– Eitt av borna spurde om dei kom til å døy, legg ho til

Ville skifte hotell

Dei visste ikkje om det var fare for at resten av hotellet også kunne rase saman, men etter ei stund ute i striregnet vart dei tekne ein bakveg inn i hotellet igjen.

Dei to familiane tok ikkje sjansen på å bu på hotellet, og dei tok kontakt med turoperatøren Ving for å få skifta hotell. Dei fekk beskjed om at dei kunne få eit nytt hotell rett over gata, men dette hotellet egna seg ikkje for småbarnsfamiliar. Dagen etter fekk dei tilbod om eit hotell på Golden Sands, cirka 20 minutt unna med bil.

Ving ordna med transport til hotellet, ein minibuss. Det vart ei ny skrekkeleg oppleving, fortel Tørres.

– Det var ein minibuss av typen Sprinter. På grunn av flaumen hadde politiet sperra av delar av vegen, men føraren av minibussen fylgde etter ein lastebil som hadde køyrt utanom sperringane, hevdar ho.

– Då var eg sikker på at vi ikkje kom til å overleve.

Store skadar etter flaumen i Albena.

Flaumen er no på retur i Albena, men vassmengdene har gjort stor skade.

Foto: NIKOLAY DOYCHINOV / Afp

– Vegen var borte

Sjåføren held låg fart, og dei kjende at minibussen var i ferd med å skli ut i elva.

– Vi trudde ikkje at vi skulle kome over. Det var ikkje nokon veg der, vegen var borte, det var berre vatn, legg ho til.

Då dei kom fram til erstatningshotellet viste det seg straks at det var haldbart for reisefølgjet på ti. Det var ikkje skikkeleg reingjort og det låg att gammal mat i kjøpeskapa. Då gjorde dei det klart overfor Ving at det ikkje var forsvarleg å bu der med små born.

– Då fekk vi beskjed om at alternativet var å bli køyrde tilbake til det opphavlege hotellet i Albena. Då vi køyrde tilbake var vegen opna igjen, så der har vi vore sidan, seier ho til NRK laurdag føremiddag.

Ho fortel at dei har fått tilbod om å reise tilbake til Noreg førstkomande måndag, men at dei då ikkje kan krevje erstatning.

– Vi har kravd å få reise heim så snart som mogleg og få heile reisa refundert. No ventar vi på eit svar frå Ving, seier Jeanette Tørres.

Tilbod om heimreise

Ving har tilbode dei to familiane å få reise heim førstkomande måndag, men har gjort det klart at det då må vere heilt klart at dei reiser heim av eiga fri vilje, og at det ikkje er snakk om ei evakuering. Selskapet avviser at dette hindrar familien i å krevje erstatning

Administrerande direktør i Ving, Christian Fr. Grønli seier til NRK at det ikkje stemmer at vegen var stengd då minibussen køyrde familien til Golden Sands. Vegen var nettopp opna, seier han.

Grønli stadfestar at delar av taket rasa saman i resepsjonsområdet på Flamingo Hotell, og at det truleg skuldast uveret.

Sola skin igjen

I dag skin sola igjen i Albena og flaumen er på retur. Dei dramatiske opplevingane gjer likevel at dei to familiane vil reise heim måndag.

Christian Fr. Grønli seier at vêrmeldingane no ser fine ut for området, og at dei sender 1400 nye gjestar til den bulgarske svartehavskysten førstkomande måndag. No har Ving rundt 700 gjestar der.

LES OGSÅ: Hit reiser nordmenn i sommer

SISTE NYTT

Siste nytt