Ukrainsk torturoffer får behandling i Litauen

Den ukrainske aktivisten og torturofferet Dmytro Bulatov er i kveld på veg til Litauen for å få medisinsk behandling.

Akvitisten Dmytro Bulatov kjørt i ambulanse.

Dmytro Bulatov vart køyrt i ambulanse til flyplassen. Utanfor ambulansen opposisjonsleiaren Vitalij Klitsjko.

Foto: Konstantin Chernichkin / Reuters
Bent Tanstad
Journalist

Bulatov skal vere på veg til Riga i Latvia, men han skal leggjast inn på eit sjukehus i nabolandet Litauen.

– Eg kan stadfeste at Dmytro Bulatov blir transportert med fly frå Riga til Vilnius rundt midnatt for å få medisinsk behandling i Litauen, seier talskvinne i litauisk UD, Rasa Jakilaitiene til nyheitsbyrået AFP.

Dmytro Bulatov

Dmytro Bulatov fortalde om torturen han vart utsett for på ein pressekonferanse i Kiev.

Foto: HANDOUT / Reuters

Aktivisten reiser til utlandet etter at ein domstol i Kiev avgjorde at han kunne reise ut av landet for å få behandling. Opposisjonsleiaren Vitalij Klitsjko, tidlegare verdsmeister i tungvektsboksing, har engasjert seg sterkt for at Bulatov skulle få reise.

Borte i åtte dagar

Dmytro Bulatov har vore aktiv i organiseringa av demonstrasjonane mot president Viktor Junakovitsj dei siste vekene. 22. januar vart han borte, og ingen visste kvar han var før han dukka opp igjen etter åtte dagar. Då var han blodig og forslått.

Han seier sjølv at han vart bortført og seinare torturert av ei gruppe menn med russisk aksent.

Utanriksminister Leonid Kozjara sa i eit intervju laurdag at han ikkje trudde på historia til Bulatov.

LES OGSÅ: Demonstranter anklages for tortur

LES OGSÅ: Norge vil ha FN-utsending til Ukraina

Vitalij Klitsjko (t.v.) og Dmytro Bulatov.

Dmytro Bulatov fekk besøk av opposisjonsleiaren Vitalij Klitsjko (t.v.) på sjukehuset i Kiev.

Foto: Ap

– Berre ei skramme

– Reint fysisk er mannen i god form. Han har berre ei skramme på det eine kinnet. Det verkar som om den påståtte historia om bortføring og tortur ikkje er heilt sann, sa Kozjara til Al Jazeera i går.

I dag har det ukrainske utanriksdepartementet beklaga det utanriksministeren sa . I ei fråsegn heiter det at Kozjara meinte noko anna enn det han sa.

Bulatov-saka har vekt internasjonal oppsikt, og EUs utanrikssjef Catherine Ashton har bede styresmaktene i Ukraina om å stanse angrep retta mot aktivistar.

Demonstrasjonar i Kiev.

Det har også dag vore store demonstrasjonar mot presidenten og regjeringa i Kiev.

Foto: Emilio Morenatti / Ap

– Vil bli arrestert

Bulatov vart lagt inn på eit sjukehus i Kiev fredag, og få timar seinare trappa politi og påtalemakt op og gjorde det klart at Bulatov var etterlyst for å ha organisert opptøyar, og at han ville bli arrestert straks han var utskriven frå sjukehuset.

Etter dette har andre aktivistar halde vakt over Bulatov på sjukehuset for å hindre at han skulle bli arrestert.

LES OGSÅ: Forsvaret advarer mot deling av Ukraina

Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste nytt