NRK Meny
Normal

Kastar seg på presidentkampen

Politikarane som ønskjer å bli republikanerane sin presidentkandidat, aukar jamnt og trutt. No kastar tidlegare guvernør i Louisiana, Buddy Roemer, seg på i kampen.

US-IA-POLITICS GOP Presidential Hopefuls Attends Iowa Faith & Freedom Coalition Event

Buddy Roemer vil lansere kandidaturet sitt i Hanover, New Hampshire.

Foto: Steve Pope / Afp

Roemer skal etter planen offisielt lansere sitt kandidatur i dag, i delstaten New Hampshire, ifølgje Reuters.

New Hampshire og Iowa er små, men svært viktige delstatar i presidentvalkampen. Dette på grunn av dei tidlege primærvala i desse statane.

Har vore demokrat

Den 67 år gamle politikaren jobbar for tida som direktør i ein bank i delstaten Louisiana.

Han vart valt inn i Representantanes hus frå 1981 og 1988. Han var då medlem av Det demokratiske partiet, og skildra seg sjølv som ein «konservativ demokrat». Då han blei Louisiana sin guvernør i 1988 skifta han parti og blei republikanar.

Han har uttalt at han berre ønskjer å basere valkampen sin på små donasjonar. Difor vil han setje ei grense på at ein kan donere maksimalt $ 100 til valkampen.

Lista utvidar seg

Lista over dei aktuelle kandidatane for å bli republikanarane sin mann eller kvinne i Det kvite hus har aldri vore så lang.

  • Mitt Romney
  • Michele Bachmann
  • Ron Paul
  • Tim Pawlenty
  • Herman Cain
  • Newt Gingrich
  • Rick Santorum
  • Thaddeus McCotter

I tillegg vert det spekulera i om tidlegare Alaska-guvernør Sarah Palin og Texas-guvernør Rick Perry vil kaste seg på presidentkampen i løpet av dei næraste månadane.

Kven håpar du skal bli republikanerane sin presidentkandidat?

Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste nytt