Hopp til innhold

Bruker sommarferien til å hjelpe

Bruk av nye typar våpen har gjort situasjonen endå verre for sivile i Syria. Det fortel den norsk-palestinske bistandsarbeidaren Ihab Timraz. Bærumsmannen bruker sommarferien på å hjelpe folk i Aleppo-området.

Leverer ut mat i Aleppo

Ihab Timraz overleverer ein pakke med tørrmat til eit barn i Aleppo.

Foto: Privat

Ihab Timraz har reist til Syrkia - ikkje for å krige, men for å hjelpe. Han bruker sommaren for å bistå den tyrkiske hjelpeorganisasjonen IHH i risikofylte område ved Aleppo. Situasjonen er svært vanskeleg, fortel han.

– Vi har vore i dei nye områda som opprørarane har frigjort frå regimet. Her er det kontinuerleg bombing frå regimestyrkane, fortel Ihab Timraz. Og i tillegg til tønnebomber bruker Assads regime no nye type våpen, seier han.

Sjøminer mot sivile

– Dei bruker sjøminer miner som dei slengjer ut frå fly på rekkje og rad etter kvarandre. Desse våpena gjer stor skade, og det er få som slepp unna eit slikt angrep, seier han.

Han fortel at han kom til eit hus kort tid etter at det var treft av ei sjømine. Der var tre borne drepne.

Norsk-palestinske Ihab Timraz kjenner situasjonen i Syria godt. Han har vore på fleire liknande oppdrag tidlegare. I 2013 reiste han inn i Nord-Syria med lastebilar fulle av hermetikk, suppe, makaroni og andre matvarer.

Hjelper i Syria

Norsk-palestinske Ihab Timraz (th.) bruker sommarferien på å bistå den tyrkiske hjelpeorganisasjonen IHH.

Foto: Privat

Då var det norske muslimar som stod bak, gjennom organisasjonen Operasjon Nødhjelp. Det islamske forbundet hadde samla inn ein halv million kroner til formålet.

No er han altså ute i felten igjen, denne gong for hjelpeorganisasjonen IHH.

– Vår jobb er å bringe nødhjelp inn til dei nye områda som er blitt frigjort, der det er store sivile lidingar. Vi gjer dette i samarbeid med fleire andre hjelpeorganisasjonar. Vi distribuerer også mat frå FNs matvareprogram til område der dei ikkje kjem inn, fortel Timraz.

Dyrare bensin og diesel

– Her i Aleppo-området er det mykje bombing. Det er stor nød blant sivile. Situasjonen er blitt verre etter kamphandlingar i fleire provinsar den siste tida.

I tillegg har prisane på bensin og diesel gått i vêret. Det ser ut som om dette vil vare ved, og det fører til store problem for folk flest og for viktige funksjonar i samfunnet. Blant anna må fleire bakeri og sjukehus innstille drifta pga. straummangel.

Så dette ser ut til å gå frå vondt til verre, seier han.

Kritisk for palestinske flyktningar

Han fortel at det også har oppstått eit anna problem no. Det handlar om handteringa av dei palestinske flyktningane frå Damaskus-området som kjem inn i dei nordlege delane av Syria, og som ikkje får tilgang til å flykte til Tyrkia. Desse har det svært vanskeleg, seier han.

– Tyrkia held framleis grensa stengd for sivile som ønskjer å flykte inn til Tyrkia, fortel Ihab Timraz. Dette skaper eit stort problem i nordområda, der det allereie er eit stort press av flyktningar. Desse nye flyktningane finn verken husrom eller mat eller ly.

SISTE NYTT

Siste nytt