NRK Meny
Normal

FN: Born som sjølvmordsbombarar auka sterkt i 2011

Bruken av born som sjølvmordsbombarar er på sterk frammarsj i land som Afghanistan og Pakistan, går det fram av ein FN-rapport om born i væpna konfliktar.

Hamid Karzai gir amnesti til ein liten gut som var utsett til å bli sjølvmordsbombar.

Denne vesle guten var på veg til å gjennomføre ein sjølvmordsaksjon då han vart arrestert. Her blir han gitt amnesti av Afghanistans president Hamid Karzai.

Foto: Ahmad Massoud / Afp

FNs generalsekretær for born i væpna konfliktar, Radhika Coomaraswamy, åtvarar no om at born i aukande grad blir brukt som spelebrikker i konfliktar – som barnesoldatar, sjølvmordsbombarar eller tvangsarbeidarar.

Bruken av born som sjølvmordsbombarar var ein aukande trend i 2011, og dette skjer først og fremst i Pakistan og Afghanistan. Minst 11 gutar og jenter er drepne medan dei utførde sjølvmordsaksjonar i 2011, opplyser ho.

Hjernevask

Radhika Coomaraswamy

Radhika Coomaraswamy er FNs generalsekretær for born i væpna konfliktar.

Foto: PRADEEP SHRESTHA / AFP

Dette gjeld born som anten er hjernevaska til å utføre ein sjølvmordsaksjon, eller born som utan at dei veit det er utstyrte med bomber. Bombene blir så utløyste av andre ved hjelp av fjernkontroll.

Talet på grupper som over lang tid har gjort seg skuldige i grove overgrep mot born i væpna konfliktar, dobla seg i 2011.

Dette går fram av FNs List of Shame, på norsk «Den skammelege lista». Grupper i Syria er nye på lista for 2011. FN kallar dei brutale nykommarar, og generalsekretær Ban Ki-moon sa då han la fram rapporten at overgepa mot syriske born aktualiserer ein problematikk som lenge har prega andre konfliktområde.

FNs List of Shame

Herrens motstandshær

Kari Solholm

Kari Solholm er generalsekretær i FN-sambandet.

Foto: FN-sambandet

Samstundes er det mange gjengangarar på lista, blant andre The Lord's Resistance Army LRA, på norsk Herrens Motstandshær. Gruppa er kjend for å bortføre born og trene dei opp til å bli barnesoldatar.

– Det er ikkje akseptabelt at grupper vi veit har gjort seg skuldige i grove overgrep mot born i lang tid får halde fram praksisen i år etter år, seier generalsekretæren i FN-sambandet, Kari Solholm.

Ho fortel at 32 grupper har stått på lista i over fem år, og at desse blir sett på som vedvarande overgriparar.

Solholm viser til at born i væpna konfliktsituasjonar er ekstra sårbare for fysisk vald, seksuelle overgrep, bortføringar og psykiske traume.

– Brot på internasjonal lov

– Born i konfliktområde har krav på vern, og desse overgrepa er klare brot på internasjonal lov, seier ho.

Ho gjer det likevel klart at det ikkje berre er negative trendar i 2011.

– 2011 gir oss eit blanda bilete av situasjonen. Det har oppstått nye kriser som har gått hardt ut over born i Syria, og også i Libya, men samstundes har overgrepa stansa i andre delar av verda, seier ho.

Radhika Coomaraswany fortel at born som har vore involverte i konfliktar, har vorte sette fri i land som Den sentralafrikanske republikk, Tsjad, Colombia, Den demokratiske republikken Kongo, Myanmar, Sør-Sudan og Sudan.

– Altfor lang liste

– Vi ser framgang i fleire land, men lista over grupperingar som skadar gutar og jenter vil alltid vere altfor lang, seier ho.

For første gong er grupper som har gått til angrep på skular og sjukehus tekne med på lista, i tillegg til dei som rekrutterer, drep, skadar eller utfører seksuelle overgrep mot born.

Lista for 2011 inneheld væpna grupper i Afghanistan, Den demokratiske republikken Kongo og Irak, og også syriske regjeringsstyrkar. Alle desse har gått til angrep på skular og sjukehus, og også utført angrep mot eller kome med truslar mot lærarar, elevar og medisinsk personell.

Freda område

– Under ein væpna konflikt må alle partar respektere at skular og sjukehus er freda område, seier Radhika Coomaraswany.

Ho ber om at alle land i verda går saman om å verne born sine rettar i konfliktområde.

LES OGSÅ: – Krig er en katastrofe for barna

Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste nytt